Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Helseforskjellane aukar i Noreg

Dei sosiale helseforskjellane i Noreg aukar og er større enn i fleire andre europeiske land, viser fersk statistikk frå Folkehelserapporten 2018. Folkehelseinstituttets direktør Camilla Stoltenberg er bekymra for utviklinga.

Sosiale helseforskjellar kan vi sjå som ein gradient – ei trapp i samfunnet. Grupper med lang utdanning har betre helse enn grupper med kortare utdanning. Røyking er truleg ei viktig årsak til forskjellane. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/Fete typer
Sosiale helseforskjellar kan vi sjå som ein gradient – ei trapp i samfunnet. Grupper med lang utdanning har betre helse enn grupper med kortare utdanning. Røyking er truleg ei viktig årsak til forskjellane. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/Fete typer

Den norske folkehelsa er i hovudsak god. Vi lever stadig lenger. Vår forventa levealder er blant verdas høgaste – nesten 81 år for menn og drøyt 84 år for kvinner. Men bak gjennomsnittstala som beskriv den norske folkehelsa, skjuler det seg ei skeivheit som vi ikkje kan vere like stolte av.

Mens helseforskjellane har blitt mindre i fleire land i Europa dei siste åra, peiker pilane i Noreg motsett veg.

Tirsdag 15. mai legg Stoltenberg fram Folkehelserapporten: Helsetilstanden i Norge 2018 – ei beskriving av helsa i befolkninga – på eit frokostmøte på Grønland i Oslo. Det er fire år sidan forrige gang Stoltenberg kom med ein tilsvarande gjennomgang av den norske folkehelsa. Presentasjonen startar klokka 09 og streamast her.

Pressemateriell

Utdanning, inntekt og bustad

I analysane som er presenterte i Folkehelserapporten, finn vi tydelege helseforskjellar mellom dei som har lang utdanning og god inntekt, og dei som ikkje har det. Statistikkane viser òg at det er store variasjonar i folkehelsa mellom fylke, mellom kommunar og innanfor dei største byane.

– Forskjellane gjeld for nesten alle sjukdommar, skader og plagar, i alle aldersgrupper. Det betyr at mange mister leveår med god helse og livskvalitet. Dei får ikkje glede av den utruleg positive utviklinga som andre opplever, seier Stoltenberg.

Røyking, kosthald og fysisk aktivitet

Dei store sosiale helseforskjellane i Noreg kjem spesielt godt fram når ein ser nærare på levealder i befolkninga. Statistikken viser at kvinner og menn med lengst utdanning i snitt lever fem til seks år lengre enn dei som har kortast utdanning. Dei geografiske forskjellane er òg store. For menn skil det opptil 10-12 år mellom dei kommunane som har høgast og lågast levealder, og i Oslo opptil åtte år mellom bydelane. For kvinner er forskjellane opptil 8-10 år og 5 år.

Bjørn Heine Strand er seniorforskar i Folkehelseinstituttet og har forska på sosial ulikheit i helse i mange år. Han seier forskjellen i levevanar kan forklare mye av årsaka til dei sosiale forskjellane i sjukdom og død i Noreg.

 Dei som har lengre utdanning og høgare inntekt, har ofte sunnare kosthald og er meir fysisk aktive. Men først og fremst er det røyking som skaper dei store sosiale helseforskjellane i Noreg i dag. Det er fem gonger fleire røykarar i gruppa med grunnskuleutdanning enn i gruppa med høgskule- og universitetsutdanning, seier Strand.

Strand understrekar at forskjellane er på gruppenivå.
– Det er ikkje slik at alle med kort utdanning røyker eller har dårleg helse som følge av levevanar. Det er store individuelle forskjellar innanfor dei ulike utdanningsgruppene, seier seniorforskaren.

Det er dei same sosiale forskjellane blant innvandrarar som i befolkninga for øvrig.

Samfunnet påverkar livsstilen vår

Sjølv om røyking og andre levevanar forklarer mye av dei sosiale helseforskjellane i Noreg, er det ifølge Strand for enkelt å skyve ansvaret over på individet.

– Vi snakkar ofte om val av livsstil, og då er det lett å tenke at levevanar er eit val. Men helse og levevanar oppstår ikkje i eit vakuum – dei heng tett saman med samfunnsforhold, understrekar Strand.

Levevanar er sterkt påverka av familie, oppvekstmiljø, skulegang, økonomi og kultur.

– God helse blir først og fremst skapt utanfor helsetenesta, gjennom oppvekst og skulegang, arbeidsliv og øvrige levekår. Internasjonale forhold som for eksempel påverkar pris, tilgang på varer samt haldningar, er òg avgjerande for helsetilstanden i Noreg. Det er derfor viktig at vi i folkehelsearbeidet jobbar på tvers av sektorar og landegrenser slik at vi får med oss alle, seier Camilla Stoltenberg og legg til:

– Sosiale helseforskjellar er urettferdige og eit tap for enkeltpersonar, familiar og samfunnet.

Tiltak bør treffe alle

Forskarar veit foreløpig ikkje nok om kvifor helseforskjellane held framleis aukar. Røyking har ikkje gått ned i same tempo hos dei med kort som hos dei med lang utdanning. Det forklarer ein del, men ikkje alt.

– Den beste måten å redusere forskjellar på er å finne fram til tiltak som påverkar alle, seier Strand.

Han tar fram reguleringar og avgiftspolitikk som verkemiddel for å redusere forskjellar.

– Røykelova, dei mange tiltaka for trafikksikring, vinmonopol, aldersgrense for kjøp av alkohol, vaksinetilbod for alle barn og gratis svangerskapskontroll - dette er alle gode eksempel på verkemiddel som har vore med på å redusere dei sosiale helseforskjellane, fortel Strand.

I dag er kosthald ei stor utfordring. For mange er det blitt vanskeleg å ete sunt og ikkje ete for mykje.

 Ved å påverke dei vilkåra folk har for å handle mat – for eksempel ved å regulere kva som er lett eller vanskeleg tilgjengeleg, dyrt eller billeg – kan myndigheitene legge til rette for at folk kan ta val som er gunstige for eiga helse og familien si helse. Det vil redusere helseforskjellane i befolkninga, seier Strand.

Les rapporten

For pressen