Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Stor auke i talet på cannabispasientar

Talet på pasientar med cannabis som hovudproblem har auka frå 2500 til 3600 pasientar årleg i spesialisthelsetenesta sidan 2010. Det er ei auke på 44 prosent.

Røyk på bord
Illustrasjonsfoto: colourbox.com

I EU har talet på cannabispasientar auka frå 100 000 til 150 000 i same periode (2010-2017).

Forskarar ved Folkehelseinstituttet har undersøkt kva som karakteriserer nordmenn som søkjer behandling der cannabis er hovudproblemet. Undersøkinga omfatta alle pasientar som kom inn i spesialisthelsetenesta i 2009 og 2010.

– Vi har følgt pasientane via helseregister fram til 2014. Vi har sett på fysiske og psykiske plager, og indikatorar for psykososiale problem. Pasientgruppa er samanlikna med eit utval av befolkninga som ikkje går til behandling, men som har tilsvarande fordeling av kjønn og alder, seier Anne Line Bretteville-Jensen, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Hadde fleire psykiske plager enn kontrollgruppa

Pasientane hadde klart fleire psykiske plager enn kontrollgruppa; nesten halvparten av pasientane fekk ein eller fleire psykiske diagnosar i løpet av oppfølgingstida på drygt fire år. Kvar fjerde fekk òg ein eller fleire rusdiagnosar i denne perioden, alkohol var den mest hyppige tilleggsdiagnosen (20 prosent).

Betydeleg færre pasientar var i jobb eller i utdanning ved starten av behandlingsperioden samanlikna med kontrollgruppa; 43 prosent blant pasientar mot 84 prosent blant kontrollgruppa. Ved utgangen av oppfølgingsperioden var det ingen endring i denne delen.

Forskarane fann at:

  • Pasientgruppa var relativt ung, med ein gjennomsnittsalder på 27 år.
  • Tre av fire pasientar var menn. Andelen menn var høgare blant dei som vart behandla for cannabis, enn blant dei som oppgav å ha brukt cannabis i befolkninga (blant dei som har brukt cannabis siste år var 67 prosent menn).
  • Pasientane hadde same fordeling av vestleg/ikkje-vestleg bakgrunn som i befolkninga, men foreldra til pasientane hadde i gjennomsnitt noko dårlegare utdanningsnivå enn gjennomsnittet i befolkninga.
  • Det var færre gifte i pasientgruppa enn i kontrollgruppa.

Fysiske plager som kunne vere relatert til cannabisbruk, var ikkje meir utbreidd blant cannabispasientar enn i kontrollgruppa i undersøkingsperioden. Slike plager var kronisk bronkitt, visse kreftformer eller hjarteproblem. Pasientgruppa var relativt ung, og desse sjukdomane kan oppstå etter bruk over lengre tid. Difor kunne forskarane ikkje konkludera sikkert her.

Positivt med behandling i ung alder

Det som auka sjansen for å vera i jobb eller utdanning ved utgangen av oppfølgingsperioden var:

  • Ha kome i behandling i ung alder
  • Ha fullført meir enn vidaregåande utdanning
  • Ha ei mor med høgare utdanning
  • Ikkje ha nokon tilleggsdiagnose

1000 nye pasientar i året

Blant dei som søkjer behandling for narkotikabruk for første gong, utgjer cannabispasientar den største gruppa. Av totalt 2700 nye pasientar, kom det i 2016 og 2017 inn ca 1000 nye pasientar i året med cannabis som hovudproblem (37 prosent). Talet på pasientar for andre stoff var:

  • «Fleire stoff»: 670
  • Roande og søvngivande tablettar: 360
  • Opiat/heroin: 320
  • Stimulantar (amfetamin o.l.): 260
  • Kokain: 55
  • Hallusinogen: 23

Referanse

Christiansen, ST, Bretteville-Jensen, AL, (2018) Who seeks treatment for cannabis use? Registered characteristics and physical, psychological and psychosocial problem indicators among cannabis patients and matched controls. BMC Public Health, 18:780