Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Rabies påvist hos fjellrev på Svalbard

Det er påvist rabies hos ein fjellrev på Hopen som er ei øy knytt til Svalbard. Det er så langt aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard.

Påvist rabies hos polarrev/fjellrev
Påvist rabies hos polarrev/fjellrev. COLOURBOX.com

Reven angreip og beit to polarhundar ved Hopen forskingsstasjon på Svalbard, og blei så biten i hel av den eine hunden. Hendinga blei observert av personell på stasjonen, og reven blei sendt inn for analyse til Veterinærinstituttet.

Hundane er vaksinert mot rabies (hundegalskap). Ingen personar er bitne eller utsett for smitta på annan måte, og alle som arbeider på Hopen er vaksinerte. Mattilsynet arbeider med smitteførebyggande tiltak i samarbeid med Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og Sysselmannen på Svalbard.  

Råd ved mistanke om smitte

Personar som har blitt bitne eller fått sår av kontakt med dyr som er mistenkt å vere smitta av rabies, bør så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine. Personar som har blitt slikka eller bitne av ein hund som i løpet av dei siste to døgn har vore i kontakt med mistenkte dyr, bør òg kontakte lege for å vurdere behov for vaksine.

Det har aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard. Besøkande og fastbuande som kan kome i direkte kontakt med ville pattedyr på Svalbard, bør ta vaksine. Folk bør unngå kontakt med ville dyr generelt, og spesielt holde avstand til daude dyr og dyr som oppfører seg unormalt. Alle som har hatt kontakt med dyr som kan vere smitta bør kontakte lege så raskt som mogleg.

Om rabies

Sjukdomen blir forårsaka av rabiesvirus og er først og fremst ein sjukdom hos dyr. Han kan òg smitte til menneske. Rabies finst i alle verdsdelar med unntak av Antarktis.

Sjukdomen finst i industrialiserte land hovudsakleg hos ville dyrearter, for eksempel  rev og flaggermus, og viruset kan spreiast til husdyr og menneske. I lavinnkomstland finst sjukdomen hovudsakleg hos hundar (inkludert kvalpar) og vert spreitt til menneske gjennom hundebitt.

For meir informasjon om rabies, sjå Smittevernveilederen.

Historikk

Rabies blir påvist sporadisk hos dyr på Svalbard, og siste utbrot var i 2011 då det vart påvist hos fire fjellrev og nokre reinsdyr. Rabies blei første gong påvist hos dyr på Svalbard i 1980. Ingen tilfelle blei rapportert i perioden 1999-2010, til trass for omfattande undersøkingar av reveskrottar. Fastlands-Noreg er fritt for rabies.

Om Hopen

Hopen er ei øy som utgjer ein del av Svalbard. Øya ligg i Barentshavet 185 km aust for sydspissen av Spitsbergen. Øya er 33 km lang, 2 km brei og freda. Bortsett frå ein meteorologisk stasjon med ei lita besetning, er øya ubebodd.

Les meir:

Fjellrev med rabies på Hopen (Sysselmannen på Svalbard)  
Rabies påvist hos fjellrev på øya Hopen på Svalbard (Veterinærinstituttet)
Rabies påvist hos fjellrev på øya Hopen på Svalbard (Mattilsynet)