Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Påvist rabies hos ein rein ved Ny-Ålesund på Svalbard

Det er påvist rabies hos ein rein ved Ny-Ålesund på Svalbard. Ein fjellrev på øya Hopen fekk også påvist sjukdomen i mai 2018. Det er so langt aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard.

Illustrasjonsfoto av Svalbardrein. Foto Knut Madslien, Veterinærinstituttet
Illustrasjonsfoto av Svalbardrein. Foto Knut Madslien, Veterinærinstituttet

Sysselmannen på Svalbard fekk melding om ein sjuk rein den 16 juli. Reinen var svak i beina og kunne ikkje reise seg. Reinsimla og ein kalv blei avliva og sendt til Veterinærinstituttet i Oslo for undersøkjing. Analyser av hjerneprøver ved Veterinærinstituttet har bekrefta at reinen hadde rabies. Det blei ikkje påvist rabies hos kalven.

Mattilsynet arbeider med smitteførebyggande tiltak i samarbeid med Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og Sysselmannen på Svalbard.

Råd ved mistanke om smitte

Personar som har blitt bitne eller fått sår av kontakt med dyr som er mistenkt å vere smitta av rabies, bør så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine. Personar som har blitt slikka eller bitne av ein hund som i løpet av dei siste to døgn har vore i kontakt med mistenkte dyr, bør òg kontakte lege for å vurdere behov for vaksine.

Det har aldri blitt påvist rabies hos menneske på Svalbard. Besøkande og fastbuande som kan kome i direkte kontakt med ville pattedyr på Svalbard, bør ta vaksine. Jegerar og fangstmenn som er vaksinert tidlegare (to år eller meir etter grunnvaksinering) bør ta kontakt med lege for å kontrollere om dei framleis er beskytta av vaksinen. Om dei har dårleg beskyttelse bør dei vaksinerast på nytt før dei har kontakt med ville pattedyr. Folk bør unngå kontakt med ville dyr generelt, og spesielt holde avstand til daude dyr og dyr som oppfører seg unormalt. Alle som har hatt kontakt med dyr som kan vere smitta med rabies bør kontakte lege så raskt som mogleg uansett om man er tidlegare vaksinert eller ikkje. For meir informasjon om vaksine mot rabies, sjå Vaksineveilederen om rabiesvaksina.

Om rabies

Klassisk rabies blir forårsaka av Lyssavirus type 1 og er først og fremst ein sjukdom hos dyr. Han kan òg smitte til menneske. Rabies finst i alle verdsdelar med unntak av Antarktis.

Dei fleste land i Europa er fri for klassisk rabies. I store deler av Det amerikanske kontinentet er flaggermus hovudreservoar for denne genotypen av Lyssavirus. I lavinnkomstland i andre delar av verda finst sjukdomen hovudsakleg hos hundar (inkludert kvalpar) og vert spreitt til menneske gjennom hundebitt. For meir informasjon om rabies, sjå Smittevernveilederen.

Historikk

Rabies blir påvist sporadisk hos dyr på Svalbard, og siste utbrot var i 2011 då det ble påvist hos fire fjellrev og nokre reinsdyr. Rabies blei første gong påvist hos dyr på Svalbard i 1980. Ingen tilfelle blei rapportert i perioden 1999-2010, til trass for omfattande undersøkingar av reveskrottar. Fjellrev som vandrar over isen frå Sibir, Canada, eller Grønland er truleg årsak til at rabies-smitta fjellrev dukkar opp på Svalbard. Desse kan spreie smitte vidare til andre dyr, til dømes reinsdyr, og oftast via bitt. Fastlands-Noreg er fritt for rabies.

Rabies påvist hos Svalbardrein (Veterinærinstituttet)

Reinsdyr med rabies utenfor Ny-Ålesund (Sysselmannen på Svalbard)

Rabies på Svalbard (Mattilsynet)

Relaterte saker