Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Nytt ebolautbrot i Kongo

Verdas helseorganisasjon (WHO) og kongolesiske helsemyndigheiter kjemper mot eit nytt ebolautbrot i Den demokratiske republikken Kongo.

CDC, Frederick Murphy
CDC, Frederick Murphy

Den 1. august i år erklærte dei kongolesiske helsemyndigheitane eit nytt utbrot av ebolavirussykdom i Den Demokratiske republikken Kongo. Det nye utbrotet som starta i Nord-Kivu-provinsen kom berre få veker etter at det forrige utbrotet i Equateur-provinsen blei erklært å vere over.

Fram til den 2. september har det kome inn meldingar om at 122 personer er mistenkt smitta eller har blitt bekrefta smitta med ebolasjukdom, og at 82 av desse har døydd. Seksten av sjukdomstilfella var blant helsepersonell. Den eine av dei seksten har også døydd. Antal melde tilfelle har gått ned sidan byrjinga av utbrotet. Det kan tyde på at kontrolltiltaka som er på plass no gjer effekt, men desse trendane må tolkast med varsemd.

Alle sjukdomstilfella er oppdaga i Nord-Kivu- eller Ituri provinsane som ligg ved grensa til Uganda. Utbrotet er i eit område som er prega av politisk uro og store bevegelser av dei som oppheld seg i denne provinsen. Spreiing av ebolaviruset lokalt kan difor ikkje utelukkast. Risikoen for internasjonal spreiing er vurdert som låg.

– Kongo har tidlegare hatt fleire utbrot med ebola, men ingen av desse har utvikla seg til store utbrot slik vi såg i Vest-Afrika for få år sidan. Risikoen for spreiing til Noreg er framleis vurdert som svært lite sannsynleg, men Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga nøye gjennom dei internasjonale faglege nettverka, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Dette er det tiande utbrotet av ebola som er påvist i landet. Dei siste åra har det jamleg vore rapport om lokale, begrensa ebolautbrot. Det er hittil ingen teikn på at dei nye tilfella er knytt til tidlegare utbrot. Verdas helseorganisasjon (WHO) har ikkje anbefalt restriksjonar for reisande til eller frå landet. Norske helsemyndigheiter frårår ikkje reiser til Den demokratiske republikken Kongo på grunn av ebolautbrotet, men anbefaler generelt at dei som reiser til Kongo unngår unødvendige reiser inn i områda der det pågår ebolautbrot.

Den demokratiske republikken Kongo - reiseinformasjon (UDs reiseinformasjon basert på sikkerheitssituasjonen i landet

Nytt ebolautbrudd i DR Kongo – Norge sender spesialister (Regjeringen.no)

Ebola virusinfeksjon (Smittevernveilederen) 

Ebola virus disease – Democratic Republic of the Congo (WHO: Disease outbreak news)