Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Den internasjonale abortdagen

Nesten alle nemndbehandla abortar blir innvilga

Berre to av 362 svangerskapsavbrot før 18. veke vart avslått etter handsaming i abortnemnd i 2017, viser nye tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet. Etter utgangen av 12. svangerskapsveke kan avbrot berre skje etter bestemte kriterium og skal avgjerast i nemnd.

fylle ut skjema
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Denne artikkelen vart oppdatert den 21. november med to tabellar om nemndbehandla svangerskapsavbrot i primærnemnd og klagenemnd frå respektivt:

Det har nyleg vore ein offentleg debatt om nemnder og seine svangerskapsavbrot initiert av fleire ungdomsparti. I høve den internasjonale abortdagen 28. september, har Folkehelseinstituttet sett på tala for nemndbehandla abortar i Noreg dei siste 15 åra, og spesifikt for 2017.

To avslag før veke 18

I 2017 vart to av 362 begjæringar om svangerskapsavbrot avslått etter handsaming i abortnemnd – i primærnemnd eller også i klagenemnd.

Tabell 1. Nemndbehandla begjæringar om svangerskapsavbrot og utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot frå veke 12–17, vedtak i primærnemnd i 2017

Svangerskaps- Nemnd-
behandla

Vedtak i primærnemnd Utførte
nemnd-
behandla
svangerskaps-
avbrot
    Innvilga Avslått Manglar Ikkje oppgitt  
Veke 121 11 10 0 1 0 10
Veke 13 128 114 0 14 0 109
Veke 14 98 92 0 6 0 90
Veke 15 54 51 2 1 0 47
Veke 16 48 47 0 1 0 46
Veke 17 48 38 8 2 0 38
Totalt 387 352 10 25 0 340
1 I grensetilfelle vil sjukehuset nemndbehandle ut frå vurdering av ultralydmål, sjå merknader til abortforskrifta § 1.

Tabell 1 viser at til saman 362 kvinner i 2017 fekk eit vedtak i primærnemnd om svangerskapsavbrot i veke 12-17, fordelt på 352 som fekk innvilga abort og ti som fekk avslag. Tabell 2 nedanfor viser at berre to fekk endeleg avslag i klagenemnd.

Tabell 2. Nemndbehandla begjæringar om svangerskapsavbrot og utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot frå veke 12–17, vedtak i klagenemnd i 2017

Svangerskaps-
lengde
Nemnd-
behandla
begjæringar
Vedtak i klagenemnd Utførte
nemnd-
behandla
svangerskaps-
avbrot
    Innvilga Avslått Manglar Ikkje oppgitt avbrot
Veke 121 0 0 0 0 0 0
Veke 13 0 0 0 0 0 0
Veke 14 0 0 0 0 0 0
Veke 15 2 0 1 1 0 0
Veke 16 0 0 0 0 0 0
Veke 17 5 4 1 0 0 4
Totalt 7 4 2 1 0 4
1 I grensetilfelle vil sjukehuset nemndbehandle ut frå vurdering av ultralydmål, sjå merknader til abortforskrifta § 1.

Alle avslag i primærnemnd vert automatisk oversendt til klagenemnda, men ikkje alle kvinner møter opp der. Av dei ti som fekk avslag i primærnemnd var det berre sju som er registrert handsama i klagenemnda.

– Det kan vera ulike årsaker til det. Avslaget i primærnemnda kan vera ei støtte til at kvinna ikkje eigentleg ynskte abort, men kjende seg pressa av dei rundt seg. Nokre kvinner «innfinner seg» med avslaget og endrar meining til å ville fullføre svangerskapet og møter difor ikkje i klagenemnd. Det kan også skuldast at nokre kvinner reiser til andre land, til dømes Sverige eller England, for å få utført abort der i staden for å møte i klagenemnd, seier Mette Løkeland.

I tabellane ovanfor er avslag i nemnd for dei under 18 veker definert som dei som opprettheldt si begjæring om abort gjennom både primærnemnd og klagnemnd.

– Det finst sjølvsagt ulike måter ein kan lesa desse tala på, i og med at det er ein del fråfall i prosessen. Av dei ti som fekk avslag i primærnemnd var det seks som har vedtak i klagenemnd, der fire vart innvilga og to vart avslått. Kva som var saka med dei fire som ikkje møtte, veit vi altså ikkje, understrekar Løkeland.

Berre fem fekk avslag etter 18. veke

I 2017 vart 189 av 226 svangerskapsavbrot (83,6 prosent) i Noreg frå og med attande svangerskapsveke innvilga i den lokale primærnemnda (tabell 3). Av dei 37 som fekk avslag, møtte 21 til klagenemnda. Av dei vart 16 innvilga, medan fem av 226 (2,2 prosent) vart endeleg avslått i denne nemnda (tabell 4).

Tabell 3. Nemndbehandla begjæringar om svangerskapsavbrot og utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot frå veke 18–22+, vedtak i primærnemnd i 2017

Svangerskaps-
lengde
Nemnd-
behandla
begjæringar
Vedtak i primærnemnd Utførte
nemnd-
behandla
svangerskaps-
avbrot
    Innvilga Avslått Manglar Ikkje oppgitt  
Veke 18 56 48 6 2 0 47
Veke 19 80 72 8 0 0 70
Veke 20 49 42 6 1 0 41
Veke 21 30 19 10 1 0 19
Veke 22 og over 16 8 7 1 0 8
Totalt 231 189 37 5 0 185
1 I grensetilfelle vil sjukehuset nemndbehandle ut frå vurdering av ultralydmål, sjå merknader til abortforskrifta § 1.

Tabell 4. Nemndbehandla begjæringar om svangerskapsavbrot og utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot frå veke 18–22+, vedtak i primærnemnd i 2017

Svangerskaps-
lengde
Nemnd-
behandla
begjæringar
Vedtak i klagenemnd Utførte
nemnd-
behandla
svangerskaps-
avbrot
    Innvilga Avslått Manglar Ikkje oppgitt avbrot
Veke 18 5 3 1 1 0 3
Veke 19 6 4 0 2 1 3
Veke 20 5 3 0 2 0 3
Veke 21 10 5 4 1 0 5
Veke 22 og over 5 1 0 4 0 1
Totalt 31 16 5 10 1 15
1 I grensetilfelle vil sjukehuset nemndbehandle ut frå vurdering av ultralydmål, sjå merknader til abortforskrifta § 1.

Abortregisteret har ikkje informasjon om dei kvinnene som har fått avslag i nemnd eller som ikkje har møtt i nemnd, har fullført svangerskapet, seier Mette Løkeland.

Det er liten skilnad på fordelinga av svangerskapsavbrot i forhold til lengda på svangerskapet mellom Noreg og Sverige. I 2015 var 4,8 prosent av alle svangerskapsavbrot i Sverige utført i 12.–15. svangerskapsveke. Medan Noreg har sjølvbestemt abort til og med tolvte veke, er denne grensa opp til attande veke i Sverige.

Prosentdel nemndbehandla abortar i dei ulike aldersgruppene

Sidan 2008 har den prosentvise delen av nemndbehandla svangerskapsavbrot i Noreg vore tilnærma konstant på rundt fire prosent av alle avbrot.

Nemndbehandla abortar.png

Kjelde: Abortregisteret

Skuldast forhold ved fosteret hos dei eldste kvinnene

Tala viser ein litt auka førekomst av nemndbehandla svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15–19 år og for dei over 30 år.

– Det ser ut til å vere ulike årsaker til kvifor kvinner søkjer avbrot etter tolvte veke. For aldersgruppene over 30 år er hovudårsaka til avbrot så seint i svangerskapet forhold ved fosteret, medan dette sjeldan er årsaka for dei under 20 år, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Prosentdel av abort grunna sjukdom/avvik ved fosteret for dei ulike aldersgruppene

fosterskade.png

Kjelde: Abortregisteret

I den yngste gruppa går tala ned både for sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot, men prosentdelen nemndbehandla avbrot held seg konstant på rundt fire prosent.

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i den totale andelen svangerskapsavbrot i Noreg. Årsaka til det ligg først og fremst i ein markant nedgang i andelen avbrot blant kvinner under 25 år, Den er no på 6,3 avbrot per 1000 kvinner i aldersgruppa 15–19 år og 18,0 for gruppa 20–24 år.

Sjå fleire tal i den nye statistikkbanken for Abortregisteret, som vart lansert i anledning den internasjonale abortdagen 2018.

Slik fungerer nemndbehandlinga

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av tolvte svangerskapsveke blir handsama i nemnd; først i primærnemnd. Dersom primærnemnda gir avslag, skal nemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til sentral klagenemnd som sidan 2010 har vore lokalisert ved Oslo universitetssykehus.

I primærnemnda møter kvinna to legar der den eine er lege frå den lokale gynekologiske avdelinga, medan den andre ikkje kan vere tilsett ved avdelinga. Klagenemnda er sett saman av fem personar der minst ein skal vere jurist og to skal vere legar.

Det var i 2017 høring med tanke på å redusere talet på nemnder.

40 år med abortregister

I 2018 er det 40 år sidan lov om sjølvbestemt abort vart vedtatt, og med det opprettinga av Abortregisteret.

– Formålet med registeret er å utarbeide og formidle statistikk og analysar, slik at ein kan evaluere tiltak mot uønskte svangerskap og svangerskapsavbrot – og slik at ein får god ressursutnytting og kvalitet i behandlinga av kvinners reproduktive helse, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Kort om svangerskapsavbrot

  • Ifølge abortlova tar kvinna sjølv avgjerda om å avbryte svangerskapet, viss inngrepet kan skje før utgangen av 12. svangerskapsveke og tungtvegande medisinske grunnar ikkje taler mot det.
  • Etter utgangen av 12. svangerskapsveke kan avbrot berre skje etter bestemte kriterium og skal avgjerast av ei lokal primærnemnd. I tilfelle avslag blir den automatisk anka til ei nasjonal klagenemnd.
  • Etter 18. svangerskapsveke skal det særs tungtvegande grunnar til for å innvilge avbrot i nemnd, og det kan ikkje innvilgast avbrot dersom fosteret er levedyktig. Etter 21 veker og seks dagar er fosteret definert som levedyktig, ifølge abortforskrifta.

Meir informasjon finn du i abortlova og abortforskrifta.