Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

Kan miljøgifter i mor ha samanheng med ADHD hos barnet?

Dersom gravide har mykje av ein type plastmykgjerar (ftalat) i kroppen, aukar risiko for ADHD hos barnet. Det viser resultata i ein ny studie frå Folkehelseinstituttet. Det er ikkje klarlagt om plastmykgjeraren er ei direkte årsak til ADHD, eller om samanhengen kan ha andre forklaringar.

Illustrasjonsbilde. Colourbox.com
Illustrasjonsbilde. Colourbox.com

Forskarane målte mengda av ulike plastmykgjerarar (ftalat) i urinen hos i alt 850 gravide. Resultatet viser at høge nivå av ftalatet DEHP var forbunde med høgare risiko for ADHD hos barnet.

Dei gravide blei delt i fem grupper etter mengde ftalat i urinen. For DEHP fann forskarane at risikoen for ADHD auka med aukande mengde DEHP hos mor. I gruppa med mest DEHP var risikoen nesten tre gonger høgare enn i gruppa med minst DEHP. Det var ikkje funn for dei andre ftalata.

Det var ingen forskjell på risikoen mellom gutar og jenter.

I tråd med tidlegare forsking

Styrken ved studien er at forskarane har sett på ftalatnivåa hos mødre til barn med ADHD-diagnose. Tidlegare studiar har brukt foreldrerapporterte åtferdsproblem eller ADHD-symptom hos barna, som gir eit meir usikkert grunnlag. Resultata i denne studien samsvarer med dei få studiane som finst frå andre land. Dette er også den første studien som er gjort i den norske befolkninga.

– Det er viktig å påpeike at vi har studert samanhengar på gruppenivå. Faktorar som ikkje er inkludert i studien kan ha påverka resultata. Vi kan heller ikkje konkludere med at ftalat under svangerskapet er ei direkte årsak til ADHD, seier Gro Dehli Villanger, ein av forskarane i studien.

– Vi treng mykje meir forsking for å få kunnskap om verknadsmekanismar og årsakssamanheng mellom miljøgifter, inkludert ftalat, og hjerneutvikling hos menneske, seier ho.

Studien er basert på Den norske mor og barn-undersøkelsen (MoBa) med barn født frå 2003 til 2008. Basert på resultat frå andre norske studiar er det grunn til å tru at gravide får i seg mindre DEHP i dag enn da prøvane i denne studien blei samla inn. Internasjonale restriksjonar, som også omfattar Noreg og EU, har medført at bruken av DEHP har gått ned på verdsbasis dei siste åra.

Vi veit for lite om korleis ftalat påverkar helsa

Miljøgifter som DEHP og einskilte andre ftalat er klassifisert som reproduksjonsskadelege fordi dei kan påverke fosterutviklinga og evna til forplantning hos dyr. Mange ftalat, deriblant DEHP, blir antatt også å vere hormonforstyrrande. Dyrestudiar viser at ftalat også kan påverke hjerneutviklinga.

Tidlegare berekningar viser at inntaket er til dels mykje lågare enn det som er sett som trygge grenser (akseptabelt dagleg inntak). Denne og andre studiar kan tyde på at grensene er sette for høge.

Forsking på ADHD

I Noreg reknar helsemyndigheitene med at 3 - 5 prosent av barn og unge under 18 år har ADHD. Det inneber at det i gjennomsnitt er eit barn med ADHD i kvar skoleklasse.

Forsking viser at ADHD er arveleg, men forskarane har ikkje funne enkeltgen som forårsakar ADHD. Dei antar at arv og miljø inngår i eit komplekst samspel når det gjeld risiko for ADHD. Å finne miljøfaktorar som bidrar til ADHD, gir moglegheiter til å sette i verk førebyggande tiltak.

Vurderer strengare regulering

Ftalat brukast i ei lang rekke kvardagsprodukt: Plastprodukt, som til dømes emballasje og barneleiker, kosmetikk og kroppspleieprodukt, byggematerialar, legemiddel og medisinsk utstyr. I tillegg finst ftalat utilsikta i mat, vann og luft.

DEHP var tidlegare det mest brukte ftalatet, men produksjonen er gått vesentleg ned sidan 1997. I Noreg og EU er det forbod mot DEHP og einskilte andre ftalat i småbarnsprodukt og kosmetikk. På andre område, som til dømes i plastemballasje og medisinsk utstyr, er bruk av ftalat regulert.

Det europeiske kjemikalieinstituttet (ECHA) gjorde i 2017 ei ny risikovurdering av fleire ftalat. Det europeiske mattrygghetsorganet (EFSA) er også i ferd med å revurdere om ftalat framleis bør brukast i emballasje og materialar som er i kontakt med mat.

Ftalat er til stades «overalt», og det er lite den einskilde kan gjere sjølv for å unngå å bli utsett for desse stoffa.

‒ For å redusere eksponeringa av ftalat i befolkninga, er det behov for internasjonalt samarbeid og reguleringar, seier Dehli Villanger.

God grunn til å overvake nivå av miljøgifter i befolkninga

‒ Studien omfattar barn fødd i perioden 2003-2008. Men vi veit ikkje kor mykje ftalat og andre miljøgifter det er i den norske befolkninga per i dag, heller ikkje i sårbare grupper som gravide og barn. Det er derfor viktig at vi får meir kunnskap om dette, påpeikar Dehli Villanger.

Ho legg til at nyare erstatningsstoff for DEHP også kan vere helseskadelege.

Om studien

Forskarane brukte data frå spørjekjema og blod- og urinprøvar frå deltakarane i MoBa og data frå Norsk pasientregister. Die målte nivåa av seks ftalat i urinprøvar tatt midtvegs i svangerskapet frå mødre til 300 barn med ADHD-diagnose og samanlikna med ei kontrollgruppe på 550 mødre med barn utan ADHD. Det var kun DEHP som viste samanheng med ein aukande risiko for ADHD.

Forskarane målte også stoffskiftehormon i blodet til mor fordi det er kjent at endringar i stoffskiftehormon kan påverke hjerneutviklinga hos barnet. Og ftalat, deriblant DEHP, kan verke hormonforstyrrande. Men forskarane fann ikkje at DEHP verka inn på risiko for ADHD gjennom endring av mor sine stoffskiftehormon.

Studien blei leia av forskarar frå Universitetet i North Carolina i USA i samarbeid med forskarar frå Folkehelseinstituttet.

Referanse

Stephanie M. Engel, PhD, Gro D. Villanger, PhD, Rachel C. Nethery, Cathrine Thomsen, Amrit K. Sakhi, Samantha S.M. Drover, MSc, Jane A. Hoppin, ScD, Pal Zeiner, MD, Gun Peggy Knudsen, PhD, Ted Reichborn-Kjennerud, MD2, PhD, Amy H. Herring, ScD, Heidi Aase, PhD.  Prenatal Phthalates, Maternal Thyroid Hormones, and Risk of Attention-Deficit Hyperactivity Disorder in the Norwegian Mother and Child Cohort. Environmental Health Perspectives (in press).