Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

I framtida vil færre kvinner få livmorhalskreft

Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser god oppslutning om HPV-vaksine. Mange kvinner reduserer dermed risikoen for å bli ramma av livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft i framtida.

Siden 2016 har HPV-vaksinen vore eit tilbod til unge kvinner fødde i 1991 og seinare. Vaksinen reduserer risikoen for utvikling av alvorlege celleforandringar i livmorhalsen med rundt 90 prosent hos kvinner som ikkje var smitta med HPV på vaksinasjonstidspunktet.

120 000 i denne gruppa har tatt vaksinen

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK viser at nær 120 000 kvinner fødd 1991 eller seinare har tatt imot tilbodet om HPV-vaksine i perioden 1.11.2016 – 31.10.2018. 

– Det syner at mange unge kvinner ønskjer å beskytte seg mot livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft, seier Anita Daae, prosjektleiar for vaksinasjonsprogrammet til unge kvinner.

I tillegg til tal for heile landet legg Folkehelseinstituttet i dag også fram tal for andelen vaksinerte kvinner i fylke, kommunar og bydelar. For nokre kommunar vil det imidlertid ikkje finnast tal i statistikkbanken, oftast på grunn av lågt folketal.

– Kommunehelsetenesta har gjort ein formidabel innsats, og har sett over 300 000 dosar HPV-vaksine sidan vaksinasjonstilbodet blei lansert for to år sidan. Den høgaste andelen vaksinerte kvinner finn vi i Trøndelag, tett følgt av Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Daae.

Figuren under viser oversikt over andelen kvinner fødde 1991 - 1996 som har nytta tilbodet om gratis HPV-vaksine.

HPV-vaksine til unge kvinner fylkestabell vaksinedekning 2018

Tala i statistikkbanken er baserte på adressa i Folkeregisteret. Unge kvinner vil i stor grad bli vaksinert andre stader enn i heimkommunen, for eksempel grunna skulegang og studiar. Andelen vaksinerte kvinner i kommunen gir difor ikkje alltid eit fullstendig bilete av talet på vaksinasjonar som er utført i kvar kommune.

Best med både vaksine og livmorhalsscreening

Enkelte kvinner vil ha HPV-infeksjon når dei blir vaksinerte. HPV-vaksine kan ikkje behandle ein slik pågåande infeksjon.

– Difor er det viktig at også vaksinerte kvinner fortsett å gå til celleprøveundersøking av livmorhalsen. Effekten av vaksinering vil vi først sjå på lengre sikt. Det beste vern mot livmorhalskreft får ein dersom ein både er vaksinert og går til livmorhalsscreening, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet.

Dette tilbodet nærmar seg slutten

– Ein må ta alle tre dosane for å få best mulig beskyttelse. Vi får ein del spørsmål frå kvinner om dei må vaksinerast på nytt om det har gått lengre tid enn planlagt mellom dosane. Det treng dei ikkje. Det går fint at det har gått lengre tid enn planlagt, seier Greve-Isdahl.

Biverknader

Statens legemiddelverk har godkjent HPV-vaksinen Cervarix etter ei grundig vurdering av effekt og biverknader. Som alle andre legemiddel er vaksinen godkjent både hos internasjonale og nasjonale legemiddelmyndigheiter før han blei tatt i bruk. Melde biverknader gjeld i hovudsak milde og forbigåande symptom som er godt kjende frå før, slik som smerter på stikkstaden og i armen, hovudpine, svimmelheit, generell sjukdomskjensle ofte med feber, utslett og kløe. Desse symptoma går over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar.

Dei melde biverknadene gir ikkje grunnlag for å endre anbefalinga om HPV-vaksine.