Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Kva er viktig for deg-dagen 2018

Helsepersonell skal bli flinkare til å lytte til pasientane

Onsdag 6. juni blir «Kva er viktig for deg-dagen» markert for femte gong. Då vil helsepersonell i Noreg og i rundt 30 andre land spørje pasientane om kva som er viktig for dei.

Foto: KS
Foto: KS

På denne dagen spør helsepersonell i heimesjukepleie, sjukeheimar og sjukehus pasientane sine om kva som er viktig for dei. Sidan 2014 har stadig fleire stilt pasientane sine dette spørsmålet som ledd i arbeidet med å setje pasienten i sentrum. Ved å flytte merksemda frå «kva er i vegen med deg» til «kva er viktig for deg», skal helsepersonell bidra til ei retningsendring i helsetenesta.

Vi ynsker at helsepersonell skal bli flinkare til å lytte og forstå kva som er viktig for den enkelte pasienten. Målet er å fremme god helse og oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir og dei som mottar helse- og omsorgstenester, seier Anders Vege, fagleiar for kvalitetsutvikling i Folkehelseinstituttet.

Har spreidd seg til tretti land

Initiativet til «Kva er viktig for deg-dagen» kom frå Kommunenes sentralforbund (KS) og dåverande Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta (Kunnskapssenteret), i dag ein del av Folkehelseinstituttet. Helse- og omsorgsdepartementet har vore med frå starten, både som finansieringskjelde og med leiaren av styringsgruppa. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FF0) var den fyrste samarbeidspartnaren, og seinare slutta Helsedirektoratet seg til.

No har «Kva er viktig for deg-dagen» spreidd seg til  rundt tretti land.

Sjå interaktivt kart over kva for kommuner, sjukehus og land, der «Kva er viktig for deg-dagen» blir markert den 6. juni og kvar det er læringsnettverk for gode pasientforløp.
Etter at kartet ble laga, er det klart at dagen vil bli markert ved fleire enn 26 sjukehus.

Sjå mobilvenleg versjon av kartet.

Statsrådane stiller seg bak markeringa

Helseminister Bent Høie seier dette om kvifor han og departementet stiller seg bak denne markeringa:

– Spørsmålet «Kva er viktig for deg» er ein føresetnad for å skape pasienten si helseteneste. Dette spørsmålet utløyser ein ressurs i helsetenesta som er blitt altfor lite brukt, nemleg pasienten sin eigen ressurs. Vi vil at alle dagar i året skal vere ein «Kva er viktig for deg-dag», men det er viktig med ein eigen dag for å minne oss om dette, seier helseminister Bent Høie.

Statsråden får støtte av kollegaen, eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen:

– At eit så enkelt spørsmål som "Kva er viktig for deg" kan utløyse så mykje positivt er veldig bra. Med dette spørsmålet set vi oss i brukaren sin stad, og det opnar seg nye moglegheiter for å hjelpe eldre og pasientar med det aller viktigaste; nemleg å meistre eige liv, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.

Sjå videosamtale om «Kva er viktig for deg-dagen» mellom statsrådane Bent Høie og Åse Michaelsen og fagleiar Anders Vege i Folkehelseinstituttet:

Aktive deltakarar i læringsnettverk

I Noreg står deltakarane i læringsnettverket Gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke i fyrste rekkje i å markere dagen. Målet deira er å utvikle ei meir helsefremmande helseteneste og ein ny pasient- og brukarrolle. «Kva er viktig for deg-dagen» er forankra i lokale forbetringsteam, som gjennom felles samlingar og lokale grupper arbeider for å betre tenestene for pasientar og brukarar.

Her i landet blir dagen markert ved minst 26 sjukehus og 191 kommuner, og i utlandet i 26 land, 30 når ein tek med dei ulike delane av Storbritannia. Ei veke før dagen hadde helsepersonell frå heile landet bestilt over 51 000 jakkemerke med «Kva er viktig for deg».

– I fjor endte det på 50 000, så vi er allereie forbi fjoråret, seier Anders Vege.

Materiell til Kva er viktig for deg-dagen kan du laste ned på KS sine nettsider.

– Svært nøgd med engasjementet

Fagleiaren seier det er ei stor glede for Folkehelseinstituttet og KS å sjå korleis engasjementet breier om seg.

– Vi begynte med «Kva er viktig for deg-dagen» fordi vi såg at det var krevjande å endre helsetenesta til å bli meir helsefremmande og brukarorientert. Det er derfor sterkt å registrere at både leiarar og fagfolk står fram og motiverer til dette. Mange er kreative, har innført dagen fleire gonger i løpet av året og har som mål å gjere kvar dag til ein «Kva er viktig for deg-dag». Det har nesten ikkje vore ei veke dei siste to månadene utan at eg har vorte invitert til å delta i nettbaserte seminar og på konferansar utanlands for å dele erfaringar med resten av verda, seier ein nøgd Anders Vege.

Norsk initiativ

Desse tok i 2014 initiativet til «Kva er viktig for deg-dagen»:

  • Det tidlegare Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta – nå ein del av Folkehelseinstituttet
  • KS – kommunesektorens arbeidsgivarorganisasjon                          

Utgangspunktet var arbeidet med læringsnettverket Gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke.

Dagen er en del av arbeidet med å få til gode pasientforløp når pasientar blir flytta mellom avdelingar og tenester i den enkelte kommunen og mellom primærhelseteneste og sjukehus.