Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikk

Folkehelseprofilar 2018 for kommunar og bydelar er publiserte

Nye folkehelseprofilar for kommunar og bydelar er klare for nedlasting. Tema for folkehelseprofilane 2018 er alkohol og rus.

Ein profil er utarbeidd for kvar av dei 422 kommunane i Noreg. I tillegg blir det samtidig publisert profilar for bydelane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Profilar for fylka kjem i mars.

Folkehelseprofilane for 2018 har fire nye indikatorar:

  • Alkoholomsetning i 2016 basert på tal frå daglegvarehandel og Vinmonopol-utsal.
  • Cannabisbruk, basert på data frå Ungdata-undersøkinga.
  • Kor mange som bur trongt.
  • Hjarte- og karsjukdom, med samla tal for dødsfall og innlagde på sjukehus. Tidlegare har kommunane fått statistikk for dødsfall og innlagde i sjukehus kvar for seg. 

illustrasjonsbilde av folkehelseprofil for ski kommune

Desse indikatorane er vist på side 4 i profilane. Omsetningstala er i tillegg vist for perioden 2012-2016 i figur på side 2 i profilane.

Andre nye tal:

  • skjenketidsslutt og tal på skjenkestader i kommunen, sjå figurar på midtsidene 

Bydelsprofilar for fire byar

Bydelsprofilane for dei fire største byane tar utgangspunkt i folkehelseprofilen for kommunar når det gjeld indikatorar og temaområde. Valet av indikatorar er litt forskjellig frå kommuneprofilane. 

Tema 2018: Alkohol og rusmiddel

Tema for 2018-profilane er alkohol og andre rusmiddel og omtale av kva verkemiddel kommunane har i det førebyggande arbeidet.

– I befolkninga er alkoholbruk blant dei viktigaste risikofaktorane for helsetap og tidleg død. Dette er derfor eit viktig tema for det lokale folkehelsearbeidet, seier seniorforskar Ingeborg Rossow ved Folkehelseinstituttet.  

Det er første gong folkehelseprofilane viser tal for alkoholbruk i kommunane. Tala er baserte på omsetninga i daglegvarebutikkar i kommunen og vinmonopolutsal i regionen. Det er justert for feriemånader og avstand til vinmonopol. Men kommunen må likevel ta med i vurderinga at grensehandel, reiseliv (til dømes i helger) og servering på utestader kan påverke tala den eine eller andre vegen.  

Landstalet: 5 liter per person frå butikk og pol

I tabellen på side fire i profilane kan kommunen samanlikne omsetningstalet med tilsvarande tal for landet og fylket. I landet var omsetninga i 2016 fem liter per person per år, rekna som rein alkohol per person 15 år og eldre. 

Omsetning på serveringsstader og taxfree er ikkje teke med i det landstalet som er vist i profilane. Dersom slik omsetning blir rekna med, er landstalet nærmare sju liter rein alkohol per person 15 år og eldre. Det viser oppdatert kapittel om rusmidlar i Folkehelserapporten. Aldersgruppa 15 år og eldre er valt fordi dette er vanleg i internasjonal statistikk.

Smugling og forbruk i utlandet inngår ikkje i nokon av statistikkane.

Sjå oversikt over registrert og uregistrert forbruk: Alkoholomsetningen i Noreg

Jo høgare  totalforbruket er i kommunen, dess større er andelen som har eit risikofylt alkoholforbruk, det vil seie eit jamt høgt inntak eller at ein ofte drikk seg berusa. Slike episodar med høgt inntak aukar risikoen for ulukker og skadar og kan i tillegg medføre belastningar for familie og andre nærståande personar.

Høgt forbruk over tid aukar risikoen for enkelte kreftformer, hjarte- og karsjukdomar, psykiske lidingar, leverskadar og også sjølvmord og sjølvmordsforsøk. 

Ungdom er ein særleg sårbar gruppe. Tal frå Ungdata er også presentert i profilane og kan gje ein peikepinn på risikofylt alkoholbruk blant ungdom.

Kommunale verkemiddel

- For å redusere alkoholforbruket har kommunen fleire effektive verkemiddel som kan nyttast. Ein kan redusere talet på utsal og skjenkestader, redusere opningstider og kontrollere om utsala og skjenkestadene held aldersgrensene for kjøp, seier Rossow.

Alle kommunar skal ha ein alkoholpolitisk handlingsplan. Denne skal innehalde ei vurdering av situasjonen og beskrive tiltak. Mange kommunar utarbeider ein meir omfattande rusmiddelpolitisk handlingsplan som også omhandlar narkotika.

7 liter per år

  • I Noreg drikk vi i gjennomsnitt  nesten 7 liter rein alkohol per innbyggjar per år, fordelt på aldersgruppa 15 år og eldre.
  • Menn drikk dobbelt så mykje som kvinner.
  • Dei 10 prosent som drikker mest, står for om lag halvparten av det totale forbruket. Sjå oppdatert kapittel om rusmidlar i Folkehelserapporten

Nesten 7 liter rein alkohol tilsvarar:

  • 77 flasker vin à 0,75 liter med 12 prosent alkohol 

eller

  • 471 flasker/boksar pils à 0,33 liter med 4,5 prosent alkohol 

Folkehelsebarometeret på side 4

Folkehelsebarometeret på side fire i profilane presenterer nøkkeltal, og indikatorane for alkohol er vist på line nummer 21 og 22. Tal for omsetning av alkohol er ikkje markert med grøn eller raud farge.

I spalta til høgre er verdien for landet markert med ein raud strek og variasjonen mellom kommunane i fylket er markert i ein grå horisontal stolpe.

Figuren nedanfor viser eksempel på eit folkehelsebarometer:

Eksempel på folkehelsebarometer på side 4 2018

Finn fleire tal i statistikkbankane

  • Kommunehelsa statistikkbank gir fleire tal og meir informasjon om alle indikatorane. Statistikkbanken blir oppdatert når nye data kjem inn.
  • Norgeshelsa statistikkbank viser tal på fylkes- og landsnivå. For kommunar som ikkje får tal på alle indikatorane i Kommunehelsa statistikkbank, kan det løne seg å ta ein titt her.   

Brukarrettleiing for statistikkbankane