Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

Familie reduserer helserisikoen knytt til høyrselstap

Nedsett høyrsel er ei stor helsemessig utfordring, særleg blant eldre. Ein ny studie viser at høyrselstap kombinert med å vere barnlaus og einsleg er forbunde med auka dødelegheit.

Førekomsten av høyrselshemming aukar med alderen

- Andelen eldre i befolkninga aukar, samstundes aukar andelen som er barnlause, einslege og høyrselshemma. Det er viktig å vere klar over at kombinasjonen av desse faktorane er uheldig, seier førsteforfatter, Bo Engdahl ved avdeling for kroniske sjukdommar og aldring på Folkehelseinstituttet.

Horselstap.jpg

Føremålet med studien var å vurdere om det å vere einsleg eller barnlaus aukar dødelegheita ved høyrselstap. 50 462 deltakarar i Høyrselsundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) i 1996-1998 vart følgt opp fram til og med 2016. Alle dødsfall vart identifiserte ved hjelp av Dødsårssakregisteret. Data om sivilstatus vart innhenta frå Folkeregisteret.

Resultata viser at høyrselstap auka dødelegheita av hjarte- og karsjukdomar med heile 80 prosent før 75 års alder. Totalt dødelegheit som følgje av alle sjukdommar og skadar auka med 30 prosent.

Forskarane justerte deretter for utdanning, inntekt, risikofaktorar knytt til hjarte- og karsjukdomar, sjukdom og familiestatus. Då fann dei at nedsett høyrsel auka den totale dødelegheita før 75 års alder med cirka 10 prosent. Hjarte- og kardødelegheita auka med cirka 40 prosent.

Å bu saman med nokon kan redusere risikoen

Familiestatus såg ut til å påverke dødelegheita forbunde med høyrselstap:

  • Å skiljast og vere einsleg auka dødelegheita.
  • Det å vere barnlsaus auka òg dødelegheita, men berre for kvinner.
  • Å ha ein høyrande partnar reduserte dødelegheita.

– Det er viktig å rette merksemda mot eldre einslege som får høyrselstap, sidan denne gruppa vert større i samfunnet vårt. Å sjekke høyrsla er lurt, og det er viktig å få seg høyreapparat om ein har redusert høyrsle, seier Bo Engdahl.

Kvifor slår høyrselstap så kraftig ut på dødelegheita?

– Høyrselstap kan slå negativt ut i sosiale situasjonar og føre til at ein trekkjer seg tilbake og isolerer seg. Mange følar at dei får eit handikapp. Dersom ein har ein partnar eller barn, er dei med på å sørgje for at ein får med seg viktig informasjon, kjem seg til lege, tar medisinar og lever sunt. Ikkje minst er familie og nærstående personar også ei sosial støtte, seier medforfatter Vegard Skirbekk som er forskar ved Folkehelseinstituttet

– Dei høyrselshemma er også overrepresenterte når det gjeld dødsfall som skuldast skadar og ulukker. Kanskje kan dette forklarast med at høyrselshemma har større risiko for å døy i ulukker der ein ikkje er merksam på risikosituasjonar, og samstundes ikkje har ein partnar som passar på, seier Skirbekk.