Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Europeisk testveke for hepatitt og hiv 2018

Kampanjeveka for testing av hepatitt og hiv startar fredag 23. november. Dersom du har utsett deg for risiko for å bli smitta av hiv eller hepatitt, bør du teste deg. Sjukdomane blir i dag behandla med godt resultat.

Kven bør teste seg for hiv?

Dersom du har utsett deg for smitterisiko, bør du ta ein hivtest, uansett om du har symptom eller ikkje. Eksempel på risikosituasjonar er at du

  • har hatt ubeskytta sex med nokon i risikoutsette grupper, som til dømes personar som
    • bur i eller kjem frå land der hiv er utbreidd, sjå liste 
    • har hatt sex i land med høg førekomst av hivinfeksjon
    • er mann og har sex med andre menn 
  • tar eller har tatt narkotisk stoff med sprøyte
  • har fått påvist ein annan seksuell overførbar infeksjon

Kven bør teste seg for hepatitt B og C?

Dei fleste som blir smitta med hepatitt B eller C, får ingen eller få symptom. Det er derfor viktig at du testar deg dersom du har vore utsett for ein mogleg smitterisiko:

  • har hatt ubeskytta sex med menn som har sex med menn
  • nokon gong har injisert narkotisk stoff med sprøyte 
  • har hatt ubeskytta sex med ein person som har injisert narkotisk stoff med sprøyte
  • har hatt ubeskytta sex med ein person som er fødd eller har vakse opp i eit land med høg førekomst av hepatitt B eller C, eller med personar frå område der desse sjukdomane er utbreidd. Sjå liste over land der hepatitt B og C er utbreidd. 
  • har vore utsett for sprøytestikk ved eit uhell, til dømes i samband med jobb i helsetenesta 
  • har fått tatovering under utilfredsstillande hygieniske forhold 
  • er i dialysebehandling 
  • har fått tannbehandling, profesjonell barbering og liknande i land med høg førekomst av hepatitt B eller C  
  • har fått blodoverføring eller fått overført blodprodukt før 1992 i Vest-Europa (inkludert Noreg), Nord-Amerika, Japan, New Zealand og Australia, eller uansett tidpunkt i andre land enn dei som er nemnde her. 

– Det kan vere vanskeleg å vurdere om du har vore utsett for smitterisiko. Folkehelseinstituttet oppfordrar likevel alle til å tenke gjennom om dei kan vere risikoutsette, og i så fall teste seg, seier Hans Blystad, overlege på Folkehelseinstituttet.

Regjeringa har lansert ein revidert nasjonal strategi mot hepatitt. Ifølgje denne skal dei regionale helseforetaka invitere kommunane i sin region til eit felles samarbeid. Målet med dette er å sikre at flest mogleg av dei som injiserer stoff med sprøyter, og/eller er smitta med hepatitt C, blir testa for smitte og eventuelt får tilbod om behandling.

Gratis test

Dersom du har vore i ein risikosituasjon eller har symptom på hivinfeksjon eller hepatitt, er testen gratis.

Kvar kan du teste deg?

Hivtest og testar for hepatitt B eller C kan du ta hos alle fastlegar eller ved andre legekontor. I dei fleste store byar i Noreg finst det dessutan eigne klinikkar for seksuelt overførbare sjukdomar som tilbyr testar for hiv.

I Oslo er det oppretta eigne testtilbod for menn som har sex med menn; og både Olafiaklinikken og Helseutvalget for bedre homohelse tilbyr hurtigtestar for hiv og testar for hepatitt.

Les meir om hiv og hepatitt:

Om kampanjen

Den europeiske testkampanjen for hiv- og hepatitt-testing er i år lagt til perioden 23.–30. november.

Kampanjen skal gjere det meir kjent at det er ein fordel å vite om ein har hiv eller hepatitt. Desse sjukdomane kan i dag behandlast på ein effektiv måte. Med god behandling kan den som er smitta unngå alvorlege komplikasjonar og dessutan sterkt redusere risikoen for å smitte andre.

Kampanjeveka skal også minne legar om at det er viktig å tilby hiv- og hepatitt-testar til personar som har vore i ein risikosituasjon, eller som har symptom på sjukdom.

Kampanjen blir leia av «HIV in Europe», som er eit initiativ for å sikre tidleg diagnose og behandling av hivinfeksjon. «HIV in Europe» er eit samarbeid mellom kliniske miljø, folkehelseinstitusjonar og frivillige organisasjonar.