Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Auka tilfelle av vestnilfeber i store delar av Sør- og Mellom-Europa

Det europeiske smittevernsenteret (ECDC) rapporterer om rekordhøge tal for vestnilfeber i mange europeiske land. Sjukdomen blir overført med mygg. Folkehelseinstituttet rår reisande å verne seg mot myggstikk når dei drar til område der det er meldt om tilfelle av sjukdomen.

mygg
Ein slektning av culex-myggen som er bærar av vestnilvirus. Foto: Colourbox.com

Vestnilfeber førekjem kvart år i mange land i Sør- og Mellom Europa. Sesongen i Europa reknast frå juni til november månad. I år er det meldt fleire tilfelle enn normalt.

Fram til 30.august er det så langt i år meldt om 710 tilfelle av vestnilfeber i fleire land i Europa. Flest tilfelle er melde i Italia, Hellas, Serbia, Romania, Ungarn og Israel. I år er det meldt om 63 dødsfall i Europa forårsaka av vestnilfeber. Det store talet på rapporterte tilfelle tyder på at det for tida sirkulerer mykje vestnilfebervirus i dei omtala landa.

Tilfella er spredt fleire stader i dei berørte landa, men enkelte område har fleire tilfelle av sjukdomen. Desse er:

  • Den nordlege delen av Italia (inkludert byane Bologna, Modena, Venezia og Verona).
  • Den nordlege del av Serbia (inkludert byane Beograd og Novi Sad) sentrale delar av Hellas og regionen Sentral-Makedonia inkludert byen Thessaloniki.
  • Heile Ungarn, inkludert Budapest.
  • Sørlege deler av Romania mot grensa til Bulgaria og nordlege deler av landet mot grensa til Moldova.

Reiseråd

Vestnilfeber blir spreidd med mygg og kan i sjeldne tilfelle gje alvorleg hjernehinnebetennelse. Trass i at faren for smitte er liten, råder FHI til at dei som er på reise i desse landa førebyggjer myggstikk. Dette inneber å bruke myggnett, kle som dekkjer kroppen og dessutan bruke myggmiddel. I skumringstimane og like før soloppgang er myggen særleg aktiv.

Fleire detaljar om reiseråd finn du i brosjyra Gode råd for god reise

Ved symptomer på sjukdom under eller etter reise til dei råka landa

Personar som får symptom på vestnilfeber medan dei er på reise eller etter at dei har kome heim, bør oppsøkje lege. Symptoma kan vere feber, hovudverk, stiv nakke, generell sjukdomskjensle, slappheit og utslett.  Tida frå smitte til sjukdom (inkubasjonstida) kan vere opptil 2 veker.

Om vestnilfeber

Vestnilfeber fanst tidlegare sjeldan i Europa, men dei siste åra har det vore rapportert fleire utbrot i sør- og mellomeuropeiske land. Det er aldri rapportert tilfelle av vestnilfeber hos personar frå Noreg.

Dei fleste som vert smitta med viruset, vert ikkje sjuke, men enkelte kan få ein mild febersjukdom som går over av seg sjølv. Ein sjeldan gong kan smitten føre til meir alvorleg sjukdom med nevrologiske symptom og hjernehinnebetennelse. Det finst førebels ingen vaksine mot vestnilfeber.

Personar som har vore i områda der det er påvist smitte med vestnilvirus, kan ikkje gje blod før minimum 28 dagar etter at dei har reist frå området. Helsedirektoratet har orientert alle blodbankar i Noreg om situasjonen.

Relaterte saker

Eksterne lenker