Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Antibiotikaresistens er årsaka til 33 000 dødsfall kvart år i Europa

Dette viser ein ny studie frå Det Europeiske smitteverninstituttet (ECDC). I tillegg til dei estimerte tala på dødsfall er det også rekna ut at det kvart år oppstår rundt 672 000 infeksjonar av dei resistente bakteriane som er undersøkt i studien.

EU/EØS-området, kart. Colourbox.com
EU/EØS-området, kart. Colourbox.com

Studien har brukt overvakingsdata frå 30 europeiske land (EU og EØS-området) i 2015, og forskarane har sett på 16 ulike kombinasjonar av bakteriar og antibiotikaresistens. Dette omfattar bakteriar som blir vurdert som vanlege årsaker til infeksjonar i sjukehus og som samstundes er resistente mot grupper av antibiotika som blir sett på som kritisk viktige innan humanmedisin.

– Den største sjukdomsbyrden er berekna for land i den sørlege delen av Europa medan Noreg og øvrige Nordiske land kjem best ut, seier forskar Petter Elstrøm ved Folkehelseinstituttet, som har delteke i studien.

Sjukdom som skuldast desse resistente bakteriane har auka betydeleg dei siste åtte åra og størst auke ser ein blant infeksjonar forårsaka av resistente Klebsiella pneumoniae og Escherichia coli. 75 prosent av sjukdomsbyrden kan knytast til sjukehusinfeksjonar og 39 prosent skuldast gram-negative bakteriar som er resistente mot siste-linje antibiotika som karbapenemer og kolistin. Dette fører til at det er få eller ingen effektive antibiotika igjen som kan brukast mot infeksjonar forårsaka av desse bakteriane.

Totalt blei det berekna at nærare 1 900 personar i Noreg kvart år får ein infeksjon av dei resistente bakteriane som er inkludert i studien. Dette medfører rundt 69 ekstra dødsfall som følgje av at bakteriane var resistente mot antibiotika. Elstrøm påpekar at berekningane i studien stemmer godt med dei gode overvåkingsdata vi har i Noreg.

– Ein resistent bakterie vi har gode overvåkingsdata på i Noreg, er meticillin-resistente Staphylococcus aureus (MRSA). I studien er det berekna at 17 personar kvart år får blodbaneinfeksjonar med MRSA. I det norske overvåkingssystemet for smittsame sjukdomar (MSIS), er det for 2015 registrert 11 personar med slike MRSA-infeksjonar. Med tanke på at årsaka til infeksjonar ikkje alltid blir identifisert, vil eg si at resultata i studien samsvarer med dei overvakingsdata vi har i Noreg, både for MRSA-infeksjonar og for andre infeksjonar av resistente bakteriar som blir meldt til MSIS, seier Elstrøm.

For første gong er sjukdomsbyrde av antibiotika-resistente bakteriar òg målt i form av DALY (disability-adjusted life years). DALY er eit mål for sjukdomsbyrde som uttrykker kor mange år som blir tapt som følge av nedsett helse, funksjonsevne og for tidleg død. DALY blir gjerne brukt til å samanlikne byrden av ulike sjukdomstilstandar eller til å samanlikne byrden mellom land og ulike populasjonsgrupper. DALY kan og brukast til å estimere kostnader av sjukdomsbyrden. Slike kostnadsanalysar blir gjort på ein standardisert måte for å kunne samanlikne kostnader knytte til ulike tilstandar.

– Studien bereknar at sjukdomsbyrden av dei resistente bakteriane utgjer rundt 1 700 DALY i Noreg. Omgjort til kroner og øre, medfører sjukdomsbyrden av desse resistente bakteriane ein årleg kostnad for samfunnet på rundt 2 milliardar norske kroner, påpekar Elstrøm.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har brukt resultata av denne studien til gjere nærare berekningar av den økonomiske byrden knytte til resistente bakteriar. Dette blir publisert i ein eigen OECD-rapport Stemming the Superbug Tide som er offentleg den 7. november i år.

Sjølv om sjukdomsbyrden er betydeleg og aukande i Europa, er det enno mogleg å gjere mykje for å snu utviklinga.

– Dei viktigaste tiltaka vi kan gjere både i Noreg og globalt, er å redusere forbruket av antibiotika. I tillegg må vi sikre at gode smitteverntiltak hindrar spreiing av resistente bakteriar, og bidra til forsking og utvikling av nye typar antibiotika, seier Elstrøm.

Attributable deaths and disability-adjusted life-years caused by infections with antibiotic-resistant bacteria in the EU and the European Economic Area in 2015: a population-level modelling analysis (The Lancet)

Helsetjenesteassosierte infeksjoner, antibiotikabruk (NOIS), antibiotikaresistens (MSIS) og Verdens håndhygienedag. Årsrapport 2017. (Folkehelseinstituttet)

European Antibiotic Awareness Day (ECDC)