Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Antibiotikadagen: kamp mot resistente bakteriar

Den 18. november blir den europeiske antibiotikadagen markert. Dette er ein del av den internasjonale antibiotikaveka. Over heile verda blir merksemda retta mot kva vi kan gjere for å hindre utvikling og spreiing av antibiotikaresistente bakteriar.

Arbeidet mot antibiotikaresistens skjer kontinuerleg og heile året, men det er likevel viktig å markere antibiotikaveka og antibiotikadagen. Fleire har allereie markert antibiotikaveka dei siste dagane og Folkehelseinstituttet (FHI) rår helsetenesta til å bidra i markeringa.

Smitteførebyggande tiltak er viktig

Sentralt i arbeidet mot antibiotikaresistens er smitteførebyggande tiltak, som til dømes god handhygiene, og at antibiotika berre blir brukt når det er nødvendig.

Blant anna viser ein nyleg publisert rapport frå Det europeiske smitteverninstituttet (ECDC) og berekningar frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) at:

  • Handhygiene er eit av dei mest kostnadseffektive tiltaka vi har i kampen mot antibiotikaresistens.
  • 75 prosent av sjukdomsbyrda av antibiotikaresistens kan knyttast til helsetenesteassosierte infeksjonar.

Resistens eit aukande problem også i Noreg

Førekomsten av resistente mikrobar er lågare i Noreg enn i mange andre land. Men det at bakteriar utviklar resistens mot antibiotika, er eit aukande problem både i Noreg og internasjonalt. Bakteriar respekterer ikkje landegrenser. Ein må difor tenke globalt og handle lokalt.

Rett bruk av antibiotika er eit viktig mål i arbeidet for å motverke at bakteriar blir resistente. I Noreg er målet å redusere antibiotikabruken med 30 prosent frå 2012 til 2020 . Sidan 2012 har det vore ein nedgang på 21 prosent.

– Målet om 30 prosent reduksjon innan 2020 reknar vi med å nå, sjølv om det kan vere tyngre å strekkje seg mot dei siste prosentane sidan vi allereie har oppnådd mykje. Det seier Jasper Littmann, fagdirektør i senter for antimikrobiell resistens ved Folkehelseinstituttet.

Ein handlingsplan er på trappene

Helse- og omsorgsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for smittevern retta mot helseinstitusjonar og heimetenesta.

– Ein handlingsplan for smittevern vil bidra til ytterlegare styrka smittevern i Noreg og blir eit viktig bidrag i arbeidet mot antibiotikaresistens, seier Hanne-Merete Eriksen, avdelingsdirektør i avdeling for resistens- og infeksjonsførebygging.

Ho legg at til ein må satse på fleire tiltak i dette arbeidet. Både vaksinasjon og andre smitteførebyggande tiltak vil bidra til å redusere behovet for antibiotikabruk.