Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

2000 hordalendinger får SMS og e-post om fylkeshelseundersøking

Tysdag 30. januar får 2000 hordalendingar invitasjon til å delta i Fylkeshelseundersøkinga i Hordaland 2018. Invitasjonen blir sendt ut med e-post og SMS.

spørreundersøkelse på mobiltelefon
Deltakarane kan bruke smarttelefon, nettbrett eller PC for å svare på fylkeshelseundersøkinga i Hordaland. Undersøkinga kan besvarast på bokmål, nynorsk eller engelsk.. Colourbox.cm

Hordaland er det fjerde fylket som gjennomfører ei fylkeshelseundersøking etter ein ny spørreskjema-mal for slike undersøkingar.  I alt skal cirka 70 000 hordalendingar få invitasjon. 

I første omgang blir 2000 personar kontakta no i månadsskiftet januar-februar.

- Dette er ei testpulje. Dersom alt går som forventa, vil resten av dei 65 000 – 70 000 deltakarane få tilsendt spørjeskjema etter påske, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen i Folkehelseinstituttet. 

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet.

Elektronisk spørjeskjema

Det er første gong alle spørjeskjema er elektroniske. Derfor vil det blir følgt særleg nøye med på om alt fungerer som det skal. Eventuelle tekniske feil eller forbetringar skal utførast før resten av spørjeskjemaene blir sende ut i april, etter påske. 

Spøreskjemaet kan besvarast frå smartetelefon, nettbrett eller pc. Deltakarane kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk.

Deltakarane er trukke tilfeldig frå folkeregisteret og omfattar aldersgruppa over 18 år. 

Skal leggast til grunn i folkehelsearbeidet

Fylkeskommunen og kommunane skal legge statistikk og undersøkingar til grunn for folkehelsearbeidet. Føremålet med undersøkinga er å få eit godt grunnlag for folkehelsearbeidet i fylket. I tillegg vil resultata bli nytta i forsking.

Agderfylka og Vestfold er dei tre fylka som tidlegare har gjennomført ei undersøking med det nye spørjeskjemaet. Desse undersøkingane vart gjennomført på papir.