Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Stadig fleire ønsker influensavaksine

Stadig fleire ønsker influensavaksine, men framleis er det eit stykke igjen til vi når målet om 75 prosent vaksinasjonsdekning i risikogruppene. Det viser tal for dei siste sesongane.

Illustrasjonsfoto: Scanpix/NTB
Illustrasjonsfoto: Scanpix/NTB

Dei siste tre åra har det vore ein aukande vilje til å ta influensavaksine. Det viser dei siste tala både frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og frå det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK i Folkehelseinstituttet.

På oppdrag frå Folkehelseinstituttet har SSB sidan 2014 stilt spørsmål om influensavaksine til eit utval av den norske befolkninga. Tala for dei siste tre åra viser at det har vore ein aukande vilje til å ta vaksinen. Det gjeld både i risikogruppene og blant helsearbeidarar. Risikogruppene omfattar eldre over 65 år og personar som har ein kronisk sjukdom som inneber auka risiko for alvorleg influensasjukdom.

I sesongen 2016–2017 var det 38 prosent av dei eldre over 65 år som vaksinerte seg mot influensa. Det er ein auke på heile 11 prosentpoeng samanlikna med året før.

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregisteret SYSVAK i Folkehelseinstituttet bekreftar auken i andelen eldre som tar influensavaksine, men tala er her noko lågare enn i spørjeundersøkinga frå SSB. Ifølgje SYSVAK var vaksinasjonsdekninga i aldersgruppa over 65 år på 27 prosent i sesongen 2016-2017.

Forskjellen mellom resultata frå SSB og SYSVAK skuldast sannsynlegvis at berre to tredeler av dei vaksinane som blei sette, blei registrerte i SYSVAK.

vaksinasjonsdekning 2016_2017.png

Figur 1: Tal for influensavaksinasjon er henta frå ei kvartalsvis spørjeundersøking (Reise- og ferieundersøkelsen). Deltakarane svarar på spørsmål om dei har ein kronisk sjukdom som er forbunde med auka risiko for alvorleg influensasjukdom, og om dei har tatt influensavaksinen dei siste 12 månadane. For meir informasjon om sjølve undersøkinga les meir på SSB sine nettsider.

Finn meir om resultata frå SSBs spørjeundersøking på vår temaside influensavaksine.  For å sjå nærare på dekningstala frå SYSVAK kan du gå inn på Kommunehelsa og Norgeshelsa.

For sesongen 2017-2018 har influensavaksine vore tilbode sidan oktober. Tal for vaksinasjonsdekninga denne sesongen vil bli tilgjengelege hausten 2018.