Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Infeksjonar i helsetenesta, antibiotikaresistente mikrobar og bruk av antibiotika i Noreg

Den europeiske antibiotikadagen 18. november fell saman med publisering av denne 2016-rapporten, som set fokus på infeksjonsførebygging og korrekt bruk av antibiotika. Dette er viktige tiltak for å hindre utvikling av antibiotikaresistens og spreiing av resistente bakteriar.

Antibiotikabrik i Noreg framover.png

Det er eit mål å redusere bruken av antibiotika både i norske helseinstitusjonar og i befolkninga generelt. Spesielt viktig er det å minske bruken av breispektra antibiotika og at bruk av antibiotika er i samsvar med dei faglege retningslinene.

Status for antibiotikabruk og infeksjonsførekomst i helseinstitusjonar

  • Om lag 30 prosent av pasientane i sjukehus og 7 prosent av bebuarane i sjukeheimar fekk antibiotika på undersøkingsdagane, viser dei nasjonale prevalensundersøkingane i 2016. Bruken av antibiotika i sjukehus og sjukeheimar var for det meste slik dei nasjonale retningslinene seier.
  • Førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar i sjukehus og sjukeheimar var rundt 5 prosent i 2016, noko lågare i sjukehus enn i sjukeheimar. Ved å førebyggje slike infeksjonar kan bruken av antibiotika, inkludert bruken av breispektra antibiotika, reduserast.

Meir om retningsliner og handlingsplan

Nasjonal faglige retningslinje for bruk av antibiotika i sykehus og i primærhelsetjenesten.

Helse- og omsorgsdepartementets handlingsplan mot antibiotikaresistens i helsetjenesten

Førekomsten av antibiotikaresistente mikrobar

Førekomsten av antibiotikaresistente mikrobar i Noreg er liten samanlikna med andre land, men Meldingssystem for smittsamme sjukdommar (MSIS) viser ein stadig auke. Dette gjeld både meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA) og karbapenemase-produserande gramnegative stavar.

– I Noreg har vi så langt lukkast i å avgrense førekomsten av antibiotikaresistens med omfattande smitteverntiltak i sjukehus og sjukeheimar, seier avdelingsdirektør Hanne-Merete Eriksen i Folkehelseinstituttet. Ho peiker på at det er viktig å halde fram med innsatsen for å avgrense utvikling og spreiing av resistente bakteriar.

Sjuke og eldre har høgare risiko enn andre for å utvikle infeksjonar, og infeksjonar som skuldast resistente bakteriar kan være vanskelege å behandle. Difor ynskjer ein ikkje at resistente bakteriar kjem inn i sjukehus og sjukeheimar.

Handhygiene – eit enkelt førebyggande tiltak

Handhygiene, utført på rett måte og til rett tid, er eit enkelt og viktig tiltak for å hindre spreiing av mikrobar, både «vanlege» sjukdomsframkallande mikrobar og dei som er antibiotikaresistente.

– Færre infeksjonar blant pasientane vil innebere redusert bruk av antibiotika og dermed redusert risiko for framtidig resistensutvikling, seier Eriksen.

Antibiotikaforbruket i Noreg

Totalt antibiotikaforbruk blir målt som definerte døgndosar per 1000 innbyggjarar per år (DDD / 1000 innbyggjarar / år). Frå 2012 til 2016 blei antibiotikabruken redusert med 16 prosent.

Antibiotikabrik i Noreg framover.png

Figur 1: Totalt antibiotikaforbruk målt i definerte døgndosar per 1000 innbyggjarar per år (DDD / 1000 innbyggjarar / år). 

Reduksjon i forbruk

Eit estimat av forbruket i 2017 basert på sal til apotek og sjukehus/sjukeheimar dei første ni månadane i år viser at dette vil vere redusert med meir enn 4 prosent i høve til fjoråret. Det er ein reduksjon på nesten 20 prosent frå 2012.

– Held nedgangen fram i same takt som dei siste åra vil vi kunne nå målet med 30 prosent reduksjon av antibiotikabruken i 2020, seier seniorrådgjevar Irene Litleskare i Folkehelseinstituttet.

Talet på antibiotikareseptar per 1000 innbyggjarar når ein ser landet under eitt, har også gått ned sidan 2012. Dette er eit mål på kor mange gonger vi blir behandla med antibiotika i løpet av eit år. Eit estimat av reseptar i 2017 basert på ekspederte reseptar dei første ni månadane i år, viser at talet på reseptar per innbyggjar ligg på om lag 345 per 1000 innbyggjar for heile året.

– Dette er ein reduksjon på nesten 25 prosent frå 2012. Målet er å nå 250 reseptar per 1000 innbyggjar per år i 2020. Det er framleis eit stykke att dit, men vi kan nå målet understrekar Litleskare.

Diagram

Figur 2: I nokre aldersgrupper ser vi ein større nedgang i bruken av antibiotika enn i andre.

Skilnad i nedgang hos dei ymse aldersgruppene

Ser ein på kor mange reseptar som vart henta ut på apoteket i 2016 samanlikna med 2012, kan ein sjå ein nedgang på 27 prosent hos dei yngre borna i perioden. I aldersgruppa 20-59 år ser vi også ein tydeleg nedgang på i overkant av 20 prosent. Dette kan tyde på at foreldre- og kanskje også besteforeldregenerasjonen no har ein høgare terskel for å be legen om antibiotika til borna og kanskje også seg sjølve. Eldre, særleg gruppa over 80 år, har ein nesten uendra bruk av antibiotika. I denne gruppa er det generelt fleire med nedsett helse og det er dermed vanskelegare å unngå bruk av antibiotika.

Relaterte saker