Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Markant auke i andelen som er barnlause

Noreg har i 50 år hatt god oversikt over kor mange barn som blir fødde i året, og kven som føder dei. No vil forskarar ved Folkehelseinstituttet vite meir om dei som ikkje får barn.

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Dei siste tiåra har andelen som ikkje får barn auka dramatisk. I dag er det rundt 15 prosent av 45 år gamle kvinner som ikkje har barn, mens andelen blant menn snart er 25 prosent.

– Det har vore ein markert auke i andelen barnlause i Noreg dei siste 20 - 30 åra. Vi ønsker å forstå kva som ligg bak desse endringane. Vi ønsker også å forstå kva det vil seie for helsa både å vere utan barn og å leve med dei meir komplekse samlivsformene vi ser i dag, seier Per Magnus, fagdirektør og leiar av Folkehelseinstituttet sitt nye Senter for fruktbarheit og helse.

Startskot 1. november

I vår blei det kjent at Forskingsrådet ga Folkehelseinstituttet status som Senter for framifrå forsking (SFF) innan fagområdet fertilitet og helse. Den internasjonale vurderingskomitéen rangerte senteret som eitt av dei ti beste.

Føremålet med senteret er å auke kunnskapen om korleis endringar i fertilitetsmønster og familiestrukturar påverkar helsa til både barn og vaksne. Både sosiale og biologiske mekanismar skal undersøkast. Forskarar ved senteret skal blant anna studere korleis endringar i alderen til foreldra, barnetal, det å vere barnlaus, nye familiestrukturar og livsstil påverkar samfunnet og helsa til den enkelte. Senteret har offisiell opning 1. november.

Unik moglegheit i Noreg

– Mange land opplever dei same samfunnsendringane og har dei same utfordringane som oss, men dei har ikkje same moglegheit til å finna svara. Noreg har store fortrinn når det gjeld denne typen forsking. Vi har pålitelege helseregister, store befolkningsundersøkingar som for eksempel Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa), og kvalitetssikra biobankar, seier Magnus og legg til:

– Dei eldste barna i MoBa er 18 år i år. Snart vil dei sjølv få barn som vi håper vil delta i undersøkinga. Vi kan då studere korleis familiestrukturar påverker livsstil og sjukdom på lang sikt.

Ufrivillig barnlause

Magnus viser til europeiske undersøkingar som fortel at 90 til 95 prosent av menn og kvinner ønsker barn.

– Dersom dette biletet stemmer for Noreg, tyder det at mange kvinner og menn er ufrivillig barnlause.

– Kva skuldast auken

– Ei årsak til at mange kvinner ikkje får barn, er nok at dei ventar for lenge med å bli gravide. Fruktbarheita fell etter 35 års alder. Men å vere ufrivillig barnlaust skuldast ikkje alder aleine, seier Magnus og legg til:

– 15 prosent er eit svært høgt tal og viser at det er på høg tid å finne fleire årsakssamanhengar.

Fleire treng hjelp

Det er også stadig fleire som tyr til "prøverør" eller assistert befrukting for å bli gravide. Nye tal frå Folkehelseinstituttet sitt medisinske fødselsregister viser at det i dag er fire prosent som er unnfanga på denne måten. I 2016 var det 2 563 barn. Eitt til to barn i kvart klasserom i Noreg ville truleg ikkje blitt fødde utan at foreldra fekk hjelp.

Den gjennomsnittlege alderen for førstegongsfødande var 23 år i 1967. I 2016 var alderen 29 år.

– Men svaret på kvifor fleire treng hjelp til å bli gravide, er truleg meir samansett enn høg alder. Vi veit for lite om sjølve fruktbarheita hos menn og kvinner, og om ho går ned. Det er nokre studiar som tyder at på at sædkvaliteten er dårlegare, og at det kan ha samanheng med miljøendringar. Hos kvinner veit vi ikkje, seier Magnus, men det er verd å studere nærare.

Konsekvensar av assistert befrukting

Korleis går det med prøverørsbarna? Og korleis går det med mor etterpå?

– Sidan stadig fleire vert fødde med hjelp av assistert befrukting, er det særs viktig at vi forskar på om det er trygt, seier Magnus. 

Målet med forskinga er å studere om behandlinga påverkar barna som starter liva sine i eit prøverøyr, eller om det har nokre konsekvensar for mor.

– På det nye senteret skal vi blant anna undersøke om mor og barn får auka risiko for sjukdom. I dag finst det berre nokre få og små studier på dette. Vi må ha fleire studier med større pasientgrunnlag for å få svar på problemstillingane.

Vi kan kople data frå ulike helseregistre og helseundersøkingar med data frå fødselsregisteret. Det gjer det mogleg for forskarar å følgje barna i framtida.

– Dei fleste barna som blir fødde etter assistert befrukting, går det heilt fint med. Men vi ser også auka risiko for enkelte tilstandar, blant anna nokre sjeldne sjukdomar. Men vi veit ikkje om årsaka til dette er den assisterte befruktinga, eller om det kan ha samanheng med årsaka til at mor ikkje klarte å bli gravid utan hjelp. Dette skal vi studere no, seier Magnus.