Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Luftforureininga litt redusert

Lufta har blitt noko betre i byane, men vinterlufta har meir å gå på. Det viser ny statistikk i Folkehelserapporten.

FHR_figur1A_luftforurensning.jpg

Temakapitla i Folkehelserapporten blir no oppdaterte årleg. I dag publiserer Folkehelseinstituttet oppdatering av kapitlet om luftforureining, med oppdatert statistikk for perioden 2004-2015.

Luftforureininga er verst i byane og verst om vinteren. Det største problemet er svevestøv frå trafikk. Vedfyring kan òg i enkelte periodar føre til høge nivå. I tillegg kjem nitrogendioksid frå dieselbilar, langtransportert ozon og andre typar luftforureining.

 – Trass i at utviklinga er positiv, er det framleis rom for forbetring. På kalde vinterdagar kan luftforureining føre til forverring av sjukdom hos personer som har luftvegssjukdom eller hjarte – og karsjukdom, seier seniorforskar Marit Låg ved Folkehelseinstituttet.

Utviklinga for svevestøv viser at:

  • Svevestøvnivået har blitt redusert noko den siste tiårsperioden, og ein forventar at dei kjem til å bli ytterlegare reduserte i åra framover,
  • Grenseverdien per døgn for PM10 (grovt og fint svevestøv samanlagt), sjå figuren, blei tidlegare overskriden i fleire norske byar og tettstader. Innføring av effektive tiltak har ført til at forureininga dei fleste stadene no ligg under dei gjeldande grenseverdiane, men i enkelte byar er nivået framleis over det som en ønskeleg ut frå omsyn til folkehelsa. Svevestøv blir målt i byane Oslo, Drammen, Stavanger, Bergen Trondheim, Tromsø, Lillehammer og i Grenlandsområdet.

Utviklinga for nitrogendioksid og ozon viser at:

  • For nitrogendioksid har nivåa det siste tiåret auka noko i Oslo. Dette kan vere på grunn av fleire dieselbilar på vegane. Imidlertid ser det ut til at nivåa dei siste to åra har blitt noko redusert.
  • Ozonnivåa har vore forholdsvis stabile dei siste tiåra og avheng i stor grad av utslepp på kontinentet. Dei siste hundre åra har derimot konsentrasjonane av bakkenært ozon blitt fordobla. Ozon som er transportert frå kontinentet, bidreg mest til ozonnivåa i Noreg. Ozonnivåa varierer frå årstid til årstid og stad til stad og er like høge på landsbygda som i byar. 

Sjå Luftforureining for fleire diagram og tabellar.

Kapittel i Folkehelserapporten

Eksterne lenker