Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Færre psykiske problem blant idrettsungdomar

Idrettsungdomar har færre psykiske problem enn andre ungdomar. Dei som konkurrerer i lagidrett har færrast, viser ny studie.

Jenter spiller basketball
Illustrasjonsfoto: colourbox.com

Ei forskargruppe frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Folkehelseinstituttet har studert samanhengen mellom den psykiske helsa til ungdom og deltaking i idrett. Studien er basert på ei spørreundersøking av 20 000 ungdomar i alderen 13 til 22 år.

Gruppa sin konklusjon er at ungdomane som dreiv med konkurranseidrett (43 prosent av dei undersøkte) rapporterte om færre psykiske problem enn ungdom som dreiv med idrett utan konkurransar, eller ungdom som ikkje dreiv med idrett.

Analysane til forskarane viste at nær 15 prosent av ungdomane som dreiv med konkurranseidrett hadde symptom på psykiske problem. Blant ungdom som dreiv med idrett, men som ikkje konkurrerte, hadde nær 19 prosent slike symptom. Blant ungdom som ikkje dreiv med idrett, var andelen 27 prosent.

– Tidlegare forsking har vist at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa til ungdom. Også i studien vår fann vi ein samanheng mellom fysisk aktivitet og den psykiske helsa til norske ungdomar. Likevel kan vi ikkje konkludere med at det er den fysiske aktiviteten som har ført til betre psykiske helse, seier forskar Jocelyne Clench-Aas ved Folkehelseinstituttet.

Ho fortel at det til dømes kan tenkjast at det i staden er god psykisk helse som gjer det meir sannsynleg at ein deltek i sportsaktivitetar. Dersom det er slik, kan det hende at ungdom med psykiske problem ikkje har motet, styrken eller evna til å verte med i konkurranseidrett.

Difor meiner Aas det trengst ytterlegare forsking før ein heilt sikkert veit om det å delta i idrettsaktivitetar fører til betre psykisk helse.

Kan konkurrering betre den psykiske helsa?

Forskarane undersøkte om samanhengen kunne kome frå tre andre faktorar enn idrett; mengda vener ein har, sunt kosthald eller trening kvar veke. Dei fann at noko av samanhengen kom frå desse faktorane, men at samanhengen mellom idrett og psykiske problem framleis var til stades.

Forskarane lurer no på om det kan vera faktorar ved konkurranseaspektet i sport som i særleg grad er knytt til psykisk helse.

– Vi kan berre spekulere på kvifor det er færre psykiske problem blant dei som deltek i konkurranseidrett samanlikna med dei som deltek i idrett utanfor konkurransar. Kanskje er det slik at konkurransane lærer ungdom å setja mål og jobbe for å verta svært flink i noko. Men dette må undersøkast nærare før ein kan konkludere, seier Clench-Aas. 

Referanse

Breistøl,S., Clench-Aas,J., Van Roy,B., & Kjærsti Raanaas,R.(2017). Association Between Participating in Noncompetitive or Competitive Sports and Mental Health among Adolescents – a Norwegian Population-based Cross-sectional Study. Scandinavian Journal of Child and Adolescent Psychiatry and Psychology, 5(1), 28-38.doi:10.21307/sjcapp-2017-003.

folkehelserapporten: