Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet
Cochrane-forskarar

Fann faktorar som påverkar kvaliteten på fødselshjelpa

Arbeidsmengde og tilgang til vatn og elektrisitet er blant faktorane som avgjer kvaliteten på fødselshjelpa i låg- og mellominntektsland, viser ei ny oversikt frå Cochrane-samarbeidet.

Mor ammer sitt barn
Illustrasjonsbilde: Colourbox

Den nye oversikta har kartlagt faktorar som verker inn på fødselshjelpa som helsepersonell utfører i låg- og mellominntektsland. Studien er avgrensa til utdanna helsepersonell: jordmor, lege, sjukepleier og hjelpepleier.

Forskarar frå Folkehelseinstituttet har vore sentrale i arbeidet med oversikta, som er publisert gjennom Cochrane-samarbeidet. Den norske delen av denne internasjonale, ideelle og uavhengige organisasjonen har base i Folkehelseinstituttet.

Dette verkar inn på kvaliteten

Forskarane fann mange faktorar som verkar inn på kvaliteten på fødselshjelpa, der nokre av dei viktigaste var:

  • opplæring
  • kor mange som er på jobb
  • arbeidsbelastning
  • lønn
  • levevilkår
  • tilgang til godt utstyrte fasilitetar med overvåkingsutstyr
  • vatn
  • elektrisitet
  • transport

Dei fann òg at tillit, samarbeid og kommunikasjon mellom helsepersonell og mellom helsepersonell og mor kan spele ei rolle. Helsepersonellet rapporterte om mange problem knytt til alle desse faktorane.

– Dette er kanskje sjølvsagt for oss, men i låg- og mellominntektsland kan det ikkje reknast med at slike faktorar er til stades, seier forskar Susan Munabi-Babigumira ved Folkehelseinstituttet.

Framleis døyr mange mødrer i låg- og mellominntektsland i samband med fødsel. Kvinner blir bede om å føde der det er fødselsfasilitetar, heller enn heime, slik at dei kan få hjelp av utdanna helsepersonell.

Peiker på kvardagsutfordringar

Cochrane-oversikta peiker på utfordringane i kvardagen til helsepersonell som arbeider under vanskelege forhold i låg- og mellominntektsland og samstundes prøver å tilby gode tenester for mødrer og barn.

– Dei viktigaste barrierane i helsesystema må handterast for å forbetre kvaliteten på helsetilbodet til pasientgruppa og for å sikre robuste helsesystem for befolkninga generelt, seier Munabi-Babigumira.

Om Cochrane-oversikta

Forskarar i Cochrane-samarbeidet frå Noreg, Sør-Afrika og Uganda arbeidde saman med Cochrane Effective Practice and Organization of Care. Målet var å finne kva faktorar som påverkar helsepersonell si evne til å gi barselhjelp av god kvalitet.

Dei inkluderte 31 kvalitative studiar frå Afrika, Asia og Latin-Amerika som såg på haldningar, erfaringar og åtferd hos fødselshjelparar. Deltakarane i studiane var doktorar, jordmødrer, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og deira leiarar. Søket dekka studiar publisert før november 2016.

Denne systematiske oversikta har blitt til med midlar frå Noregs forskingsråd gjennom Global Health and Vaccination Program (GLOBVAC) og den norske satellitten Effective Practice and Organisation of Care Group (EPOC).  EPOC får midlar frå Norad via Folkehelseinstituttet.

Cochrane-oversikta: Factors that influence the provision of intrapartum and postnatal care by skilled birth attendants in low- and middle-income countries: a qualitative evidence synthesis. Munabi-Babigumira S, Glenton C, Lewin S, Fretheim A, Nabudere H.

English feature review

This Cochrane-review was made the Feature review when published.

Om Cochrane-samarbeidet