Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Bør du teste deg for hiv og hepatitt?

Kampanjeveka for testing av hepatitt og hiv startar i dag. Om du har utsett deg for risiko for å bli smitta av hiv eller hepatitt, bør du teste deg. Sjukdomane blir behandla med godt resultat.

Kven bør teste seg for hiv?

Alle kan bli smitta med hiv. Det som avgjer om du bør ta ein hivtest, er om du har utsett deg for smitterisiko, uansett om du har symptom eller teikn på hivsmitte eller ikkje.

Situasjonar kor du kan ha utsett deg for smitte kan vere:

  • hatt usikker sex (det vil seie vaginalt eller analt samleie eller munnsex utan kondom) med ein person som kan ha hivinfeksjon. Dette gjeld spesielt dersom du har hatt ubeskytta sex med nokon i risikoutsette grupper, som til dømes personar som bur i eller kjem frå land der hiv er utbreidd, personar som har hatt sex i område med høg førekomst av hivinfeksjon, eller menn som har sex med menn
  • tatt narkotisk stoff med urein sprøyte
  • fått påvist ein annan seksuell overførbar infeksjon

Kven bør teste seg for hepatitt B og C?

Dei fleste som blir smitta med hepatitt B eller C, får ingen eller få symptom. Det er derfor viktig at du testar deg om du kan ha vore utsett for ein mogleg smitterisiko. Det gjeld særleg dersom du

  • har eller har hatt ubeskytta sex med menn som har sex med menn
  • nokon gong har injisert narkotisk stoff med sprøyte
  • nokon gong har sniffa kokain
  • har eller har hatt ubeskytta sex med ein person som har injisert narkotisk stoff med sprøyte
  • har eller har hatt ubeskytta sex med ein person som er fødd eller har vakse opp i eit land med høg førekomst av hepatitt B eller C eller med personar frå område kor desse sjukdomane er utbreidd 
  • har vore utsett for sprøytestikk ved uhell, til dømes i samband med jobb i helsevesenet
  • har fått tatovering under utilfredsstillande hygieniske forhold
  • er i dialyse
  • har fått tannbehandling, profesjonell barbering og liknande i land med høg førekomst av hepatitt B eller C
  • har vore mottakar av blodprodukt før 1992 i Vest-Europa (inkludert Noreg), Nord-Amerika, Japan, New Zealand og Australia, og har vore mottakar av blodprodukt, uansett tidspunkt, i andre land enn dei nemnde

– Det kan vere vanskeleg å vurdere om du har vore utsett for smitterisiko. Folkehelseinstituttet oppfordrar likevel alle til å tenke gjennom om dei kan vere risikoutsette, og i så fall teste seg, seier Hans Blystad, overlege på Folkehelseinstituttet.

Kor kan du teste deg?

Hivtest og testar for hepatitt B eller C kan du ta hos alle fastlegar eller ved andre legekontor. I dei fleste store byar i Noreg finst det eigne klinikkar for seksuelt overførbare sjukdomar, der dei tilbyr testar for hiv. Dersom du har vore i ein risikosituasjon eller har symptom på hivinfeksjon, er testen gratis. Det er oppretta eigne testtilbod for menn som har sex med menn, mellom anna i Oslo, ved Olafiaklinikken og Helseutvalget for bedre homohelse, som begge tilbyr hurtigtestar for hiv.

På desse nettsidene våre kan du lese meir om sjukdomane, til dømes om behandling og testing:

Om kampanjen

Den mangeårige europeiske testkampanjen for auka hiv- og hepatitt-testing er i år i perioden 17.–24. november.

Kampanjen skal bevisstgjere personar som er eller har vore utsette for smitterisiko, om kvifor det er ein fordel å vite om ein har hiv eller hepatitt. Samtidig skal legar bli minna på at det er viktig å tilby hiv- og hepatitt-testar til personar som har vore i ein risikosituasjon eller som har symptom på sjukdom.

Kampanjen blir leia av «HIV in Europe», som er eit initiativ for å sikre tidleg diagnose og behandling av hivinfeksjon. «HIV in Europe» er eit samarbeid mellom kliniske miljø, folkehelseinstitusjonar og frivillige organisasjonar.