Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikknytt

Antibiotikabruken går ned

Forbruket av antibiotika i Noreg går ned, men er framleis for høgt. Regjeringa har bestemt at bruken skal ned med 30 prosent innan 2020. Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser at det ennå er langt til målet.

Bilde av pilleforpakninger
Foto: Colourbox.com

I handlingsplanen mot antibiotikaresistens frå Helse- og omsorgsdepartementet er eitt av måla at total antibiotikabruk i befolkninga skal ned med 30 prosent frå 2012 til 2020.

Totalt antibiotikaforbruk blir målt som definerte døgndosar per 1000 innbyggjarar per år (DDD / 1000 innbyggjarar / år). Frå 2012 til 2015 blei antibiotikabruken redusert med 13 prosent.

             

Figurtekst: Talet på antibiotikareseptar per 1000 innbyggjarar per fylke i åra 2012–2015. Streken markerer målet om 250 reseptar per 1000 innbyggjarar per fylke i 2020.

Eit anna mål er å redusere kor mange gonger me blir behandla med antibiotika i løpet av eit år. Det betyr ein reduksjon frå 450 reseptar per 1000 innbyggjarar i 2012 til 250 reseptar per 1000 innbyggjarar i 2020 (sjå figur).

– Fylka har ein lang veg å gå for å nå målet, men vi ser at alle fylke har hatt ein nedgang i antibiotikabruk i perioden 2012–2015. Dersom denne utviklinga held fram, kan vi nå målet, seier overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet.

Noreg på 11. plass i Europa

Noreg ligg i dag på 11. plass når det gjeld antibiotikabruk i Europa. Nederland bruker minst, og både Danmark, Sverige og Tyskland ligg betre an enn Noreg. På de tre nedste plassane finn vi Belgia, Romania og Hellas.

– Det er eit mål at Noreg skal vere blant dei tre beste landa i Europa, seier Steinbakk.

Han peiker på at Sverige var tidleg ute med å byggje opp ein god nasjonal struktur for å redusere antibiotikabruken, med ein klar ansvarsfordeling mellom dei ulike aktørane.

Dette er også eit av tiltaka i den norske handlingsplanen.

Epidemisk utvikling

Det er ein klar samanheng mellom auka bruk av antibiotika og auka førekomst av multiresistente bakteriar.

– Det har vore ein eksplosjonsarta utvikling i førekomsten av multiresistente bakteriar på verdsbasis dei ti siste åra. Vi kan snakke om ein epidemi, seier Steinbakk.

Steinbakk understrekar at det er svært vanskeleg å behandle infeksjonar med multiresistente bakteriar. Risikoen for infeksjon ved store operasjonar, som hjartekirurgi, hofteoperasjonar og keisarsnitt, kan auke frå 1–3 prosent ved ortopediske operasjonar i Noreg i dag til 10–30 prosent om få år dersom den førebyggjande antibiotikabehandlinga i samband med operasjonar ikkje lenger fungerer.  

– Vi har ikkje så mykje å møte desse resistente bakteriane med, så vi har alt å vinne på å få ned antibiotikabruken. Bruk antibiotika berre når det verkeleg trengst, seier Steinbakk.

I tillegg er det viktig å førebyggje infeksjonar og hindre at resistente bakteriar smittar frå ein person til ein annan.

 – Handvask og å hoste i albukroken er to enkle tiltak for å halde oss friske og hindre at vi smittar andre, seier Steinbakk.

Må snu i tide

I Noreg har vi moglegheit til å snu utviklinga.

– Vi kan bremse utviklinga så mykje at vi får tid til å finne nye antibiotika og nye behandlingsformer. I andre land er det mykje vanskelegare å bremse, seier Steinbakk.

Han peikar på at i land som India, Pakistan og Bangladesh kan inntil 70 prosent av befolkninga vere berarar av multiresistente bakteriar.

– Å vere berar er ikkje farleg for enkeltindividet så lenge du er frisk, men det kan få alvorlege konsekvensar dersom du blir sjuk og skal opererast. Ein berar kan også smitte andre, seier Steinbakk.

Steinbakk understrekar at det er vanskeleg å talfeste både kor mange som er berarar av multiresistente bakteriar i kvart enkelt land, og kor lenge bakteriane blir verande i kroppen. 

– Her har vi framleis store kunnskapshol. Vi veit heller ikkje nok om kvifor bakteriar blir multiresistente, seier Steinbakk.

Eksterne lenker