Hopp til innhold

Forskningsfunn

Engstelege og impulsive barn får for mykje søtt, medan utåtvende barn har eit sunnare kosthald

Publisert Oppdatert

Enkelte temperamentstrekk hos småbarn har samband med etevanar som kan ha betyding for overvekt, viser ein ny studie leia av Folkehelseinstituttet.

Enkelte temperamentstrekk hos småbarn har samband med etevanar som kan ha betyding for overvekt, viser ein ny studie leia av Folkehelseinstituttet.


sunn og usunn mat.jpg
Forskarane undersøkte om temperamentet til småbarn heng saman med inntaket deira av søte drikkar, søte matvarer og frukt og grønsaker. Desse matvarene er viktige når det gjeld å ete sunt og halde ei normal vekt.

Nesten 7000 mødrer i Den norske mor og barn-undersøkinga svarte på spørjeskjema om barna sine etevanar og temperament når barna var høvesvis 18 månader, tre år og sju år gamle. Når barna var 18 månader gamle, blei dei vurderte i forhold til tre temperamentstrekk: engsteleg, impulsiv og utåtvend. 

  • Engstelege barn er sjenerte og redde og klengjer til dei vaksne.
  • Impulsive barn er irritable, har raserianfall og er vanskelege å roe. 
  • Utåtvende barn er ofte i godt humør, aktive og svært interesserte i andre barn eller vaksne.

Matvanar etablerer seg tidlig

Forskarane fann at barna sine temperamentstrekk når dei var 18 månader gamle hang saman med deira inntak av søte drikkar, søte matvarer og frukt og grønsaker både når dei var tre og sju år gamle. Både engstelege og impulsive barn tok til seg meir søt mat og drikke.

– Vi hadde forventa at impulsive barn som får raserianfall, også får meir og konsumerer meir søtsaker. Det som var overraskande var at også dei engstelege, tilbaketrekte barna fekk mykje søtt, fortel Professor Margarete Vollrath, seniorforskar ved Divisjon for psykisk helse og hovudforfattaren bak studien.

– Resultata bekreftar ein av våre tidlegare analysar hos dei same barna som viste ein samanheng mellom det å vere engsteleg og impulsiv då dei var 18 månader gamle og inntak av søt mat og drikke i same alder, seier Vollrath.

– Det vi verkeleg var overraska over var at temperamentstrekk som var vurdert såpass tidleg, haldt fram å ha betyding for barna sine etevanar når dei byrja på skulen. Dette kan vere fordi tidleg etablerte etemønster er svært stabile.

Forskarane blei òg overraska over å finne at dei utåtvende barna åt meir frukt og grønsaker.

Foreldre har kanskje noko av ansvaret

Vollrath fortel at inntak av søt mat og drikke verkar stemningsregulerande både hos barn og vaksne – ein føler seg meir tilfreds og avslappa når ein har ete noko søtt. Dessverre er søt mat og drikke også ein risikofaktor for overvekt.

– For stressa foreldre er det av og til lettare å gi etter for barnas lyst på godsaker, anten for å roe masete barn i stressande situasjonar eller for å trøyste engstelege og ulykkelege barn. Dette kan vere med på å skape eller forsterke ein preferanse for søt mat hos desse barna.

– Funna som viser at dei utåtvende barna er så mykje flinkare til å ete frukt og grønsaker, er særleg interessante. Mange barn nøler med å prøve ut nye typar mat, og grønsaker er ikkje alltid like populært. Utåtvende barn er generelt sett meir utforskande, og det betyr kanskje også at dei nøler mindre når det gjeld å prøve frukt og grønt.

Kva kan foreldre gjere?

– Heilt sikkert er det at foreldre ikkje skal venne barnet til søt smak i drikke, og ikkje tilby godteri for å trøyste eller roe barnet. Søt mat og drikke skal ikkje brukast til å regulere barnet sitt humør, uansett om foreldre synest synd på barnet eller om barnet får raserianfall. Det betyr ikkje at ein må slutte med laurdagsgodteri, men ein skal ikkje skape ei kopling mellom dårleg humør og inntak av søtt. Foreldre kan heller bruke fersk frukt og grønt i slike situasjonar, tilrår Vollrath.

– Sidan innovervende barn har problem med å ete frukt og grønsaker, må foreldre jobbe endå meir med desse barna for å få dei til å ete frukt og grønt. Funna viser at gode matvanar ikkje kan etablerast tidleg nok. Då temperamentstrekk held seg nokså stabile frå barndommen til vaksen alder, må foreldre være ekstra påpasselege hos barn som er engstelege, impulsive og innovervende, konkluderer Vollrath.

Studien var eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet, Universitetet i Oslo, Oslo universitetssjukehus, Loma Lina University California, University of Oregon og Oregon Research Institute, Eugene USA.

Referanse

Vollrath, M.E., Stene-Larsen, K., Tonstad, S., Rothbart, M.K. and Hampson, S.E. (2012) Associations Between Temperament at Age 1.5 Years and Obesogenic Diet at Ages 3 and 7 Years. Journal of Developmental & Behavioral Pediatrics. 2012 Nov;33(9):721-7. doi: 10.1097/DBP.0b013e31826bac0d