Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Forskningsfunn

Demens og bruk av antipsykotika – auka risiko for tidleg død?

Publisert Oppdatert

colourbox.com
colourbox.com

Heimebuande personer med demens har auka risiko for dødelegheit på kort og lang sikt ved bruk av antipsykotika samanlikna med bruk av andre psykofarmaka, viser ein ny studie.


Har du funnet en feil?

Studien er eit samarbeidsprosjekt mellom demensforskarar frå Nasjonalt folkehelseinstitutt, Sykehuset innlandet, Akershus universitetssykehus, Stavanger universitetssykehus , Karolinska Instituttet i Stockholm og King’s College i London. 

Studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet The American Journal of Geriatric Psychiatry.

Dobla risiko for dødelegheit

Nær 27 000 personar med demens i Noreg inngår i analysane, med 6 års oppfølging.

– Denne studien, som har ei unik lang oppfølgingstid, finn ein klart auka risiko for dødelegheit ved bruk av antipsykotika blant heimebuande personar med demens, seier forskar og førsteforfattar av studien, Ellen Langballe ved Folkehelseinstituttet.

– Dei har om lag dobla risikoen for dødelegheit på kort og lang sikt ved bruk av antipsykotika samanlikna med bruk av andre psykofarmaka, seier Langballe.

Også tidlegare studiar tyder på dødelegheit over det normale blant personar med demens som brukar antipsykotika.

Forskarane seier at det ikkje nødvendigvis er bruken av antipsykotika i seg sjølv som fører til auka risiko for dødelegheit. Dette fordi dei blant anna ikkje får justert for andre symptom knytte til bruken av antipsykotika som kan gi auka risiko for dødelegheit (for eksempel psykose ved delirium).

– Studien støttar likevel opp under dagens retningslinjer om at ein helst skal unngå antipsykotika eller vere forsiktig med bruken for personar med demens. Dette er viktig å vite for helsepersonell, seier Langballe.

Om studien

Målet med studien var å undersøkje om heimebuande personar over 65 år med demens har auka risiko for dødelegheit ved bruk av antipsykotika på kort og lang sikt (vel 6 års oppfølging).

Alle uthentingar av medisinar ved apotek i Noreg blir registrerte i Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Forskargruppa fekk utlevert ei anonymisert datafil der data frå Dødsårsaksregisteret var kopla på for å få nøyaktig dato for dødsfallet. Uthenting av anti-demensmiddel blei brukt som mål for demensdiagnose. Nær 27 000 personar med demens i Noreg inngår i analysane. Cox overlevingsanalyse blei brukt for å berekne risikoen for dødelegheit.

Kva er demens?

Demens er eit fellesnamn på fleire sjukdommar som i første rekke inneber problem med hukommelsen, men også andre alvorlege symptom. I dag er det om lag 70 000 personar i Noreg som lid av demens. 

Se også: Demens - faktaark

Folkehelseinstituttet skal i ulike forskingsprosjekt undersøkje samanhengen mellom risikofaktorar, genar og demens og verne- og risikofaktorane for å få demenssjukdom.

Se også: Demensforskning ved Folkehelseinstituttet

Referanse

Short- and long-term mortality risk associated with the use of antipsychotics among 26,940 dementia outpatients: A population-based study. Ellen Melbye Langballe, Bo Engdahl, Hedvig Nordeng, Clive Ballard, Dag Aarsland, Geir Selbæk. The American Journal of Geriatric Psychiatry (2013 - epub ahead of print).