Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn
Samanheng mellom metabolsk syndrom og kreft?

Samanheng mellom metabolsk syndrom og kreft?

Metabolsk syndrom er ei nemning for ei samling risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2. Få studiar har sett på metabolsk syndrom som ei eining og risikoen for kreft. Eit internasjonalt prosjekt der Folkehelseinstituttet deltek gir ny kunnskap.

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

I den delen av prosjektet som har vore leia frå Noreg, har vi sett på ulike kvinnelege kreftformer i samband med metabolsk syndrom. Den aktuelle kohorten bestod av 290 000 kvinner, som blei følgde i gjennomsnitt 10 år, frå eitt år etter undersøkinga. Gjennomsnittleg alder ved undersøking var 44 år, og alder ved diagnose for desse kreftformene var rundt 60 år.

Resultat 

  • Det var ein auka risiko for livmorkreft blant kvinner med metabolsk syndrom. Denne risikoen var avgrensa til dei tyngste kvinnene. Det var også ein auka risiko for livmorkreft blant kvinner som var overvektige/feite, hadde høgt blodtrykk, og auka nivå av glukose og triglyseridar i blodet. 
  • Det var ein auka brystkreftdødelegheit blant kvinner over 60 år med metabolsk syndrom. Den sterkaste samanhengen såg ein med auka konsentrasjonar av glukose. Det var likevel ein redusert risiko for brystkreft blant kvinner med metabolsk syndrom før 50 år, medan det ikkje var nokon effekt blant kvinner over 60 år. Denne reduserte risikoen såg vi også for dei individuelle faktorane bortsett frå glukose. Risikoen var lågast blant dei tyngste kvinnene. 
  • Det var ingen samanheng mellom metabolsk syndrom og kreft i eggstokkane totalt sett. Blant kvinner med høgt blodtrykk og blant kvinner som hadde auka kolesterolnivå, var det likevel ein auka risiko for enkelte undergrupper av kreft i eggstokkane. Det var ein auka dødelegheit av kreft i eggstokkane blant kvinner under 50 år med metabolsk syndrom. Det var også ein auka dødelegheit for aukande nivå av BMI blant kvinner over 50 år. 

Kva er metabolsk syndrom?

Metabolsk syndrom er ei nemning for ei samling risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2. Dei faktorane som blir brukte til å definere syndromet, er abdominal overvekt, høgt blodtrykk, ein ugunstig profil for feittstoffa i blodet (lågt HDL-kolesterol og auka triglyseridnivå) og insulinresistens. Desse faktorane opptrer ofte saman, men er berre i moderat grad assosierte med kvarandre. Den komplekse samansetnaden av funn og årsaksfaktorar har ført til at enkelte er skeptiske til om metabolsk syndrom er ei formålstenleg eining. Desse risikofaktorane har enkeltvis blitt sett i samanheng med ulike kreftsjukdommar, men få studiar har sett på syndromet som ei eining og risikoen for kreft. 

Om Me-Can prosjektet

I 2006 blei sju kohortar frå Noreg, Austerrike og Sverige slått saman i det såkalla Me-Can-prosjektet (Metabolic syndrome and cancer project).

Frå Noreg inngår data frå Fylkesundersøkelsene, CONOR, 40-åringsundersøkelsene og Osloundersøkelsen (Oslo I). Alle deltakarane i desse kohortane har delteke i ein eller fleire helseundersøkingar i perioden 1974-2005, og vi har informasjon om høgde/vekt, blodtrykk, og nivå av glukose, kolesterol og triglyseridar. I tillegg har vi røykjeinformasjon om deltakarane, og for dei norske helseundersøkingane paritet, alder ved barnefødslar og fysisk aktivitet. Desse kohortane er kopla opp mot kreft- og dødsårsaksregister i dei respektive landa. 
Styrken til datasettet er at det er stort, og inneheld nesten komplett eksponeringsinformasjon frå alle kohortane. Vi har tilgang til repeterte målingar for ein del av deltakarane, og det er mogleg å korrigere for ein del tilfeldige feil. Det er også høg kvalitet på utfallsopplysningane. Svakheitene er at vi ikkje har detaljerte data på moglege feilkjelder, tumor-karakteristika og behandling. I tillegg varierer målemetodane for ein del av eksponeringsfaktorane mellom dei ulike kohortane. 
Me-Can-prosjektet har fått økonomisk støtte frå World Cancer Research Fund.

Referansar

  1. Bjørge T, Stocks T, Lukanova A, Tretli S, Selmer R, Manjer J, Rapp K, Ulmer H, Almquist M, Concin H, Hallmans G, Jonsson H, Stattin P, Engeland A. Metabolic syndrome and endometrial carcinoma. Am J Epidemiol 2010; 171: 892-902. 
  2. Bjørge T, Lukanova A, Jonsson H, Tretli S, Ulmer H, Manjer J, Stocks T, Selmer R, Nagel G, Almquist M, Concin H, Hallmans G, Häggström C, Stattin P, Engeland A. Metabolic syndrome and breast cancer in the Me-Can (Metabolic Syndrome and Cancer) project. Cancer Epidemiol Biomarkers Prev 2010; 19: 1737-45.
  3. Bjørge T, Lukanova A, Tretli S, Manjer J, Ulmer H, Stocks T, Selmer R, Nagel G, Almquist M, Concin H, Hallmans G, Jonsson H, Häggström C, Stattin P, Engeland A. Metabolic risk factors and ovarian cancer in the Metabolic Syndrome and Cancer project. Int J Epidemiol 2011;40:1667-77.