Hopp til innhold

Hovudpunkt

Publisert Oppdatert

Sidan 2010 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdommar før fylte 70 års alder redusert med 21 prosent. Nedgangen i dødsfall som følgje av kreft og hjarte- og karsjukdomar gir størst utslag.

Sidan 2010 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdommar før fylte 70 års alder redusert med 21 prosent. Nedgangen i dødsfall som følgje av kreft og hjarte- og karsjukdomar gir størst utslag.


Dei ikkje-smittsame sjukdomane er den viktigaste årsaka til tidleg død blant vaksne i både rike og i mange fattige land. 

«Tidleg død» betyr her dødsfall før fylte 70 år. Dei ikkje-smittsame sjukdommane som inngår i statistikken, er hjarteinfarkt, hjerneslag og andre hjarte- og karsjukdomar, kreft, diabetes og lungesjukdomen kols. 

Mål for perioden 2010 til 2030

Verdas helseorganisasjon (WHO) vedtok i mai 2012 eit mål om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar med 25 prosent i perioden 2010 til 2025. Dette målet er seinare endra til 30 prosent reduksjon innan 2030, og inngår i FN sine globale mål for berekraftig utvikling. I tillegg er det 8 andre mål, sjå figuren nedanfor. Dei ni måla blir ofte omtalt som NCD-måla. NCD står for non-communicable diseases. 

Ein nedgang på 21 prosent i tidleg død frå 2010 til 2017 tyder på at Noreg er på god veg til å nå målet om 30 prosent nedgang innan 2030. Likevel kan den største utfordringa for Noreg vere at vi allereie no kan ha tatt ut nokre effektar ved at mange har slutta å røyke. Spørsmålet er om vi får ein ytterlegare nedgang i åra framover. 

Noreg: positiv utvikling for seks av ni mål

Dei ni måla som WHO har sett opp for å kjempe mot dei ikkje-smittsame sjukdommane, er vist i figur 1. I tillegg til å redusere tidlege dødsfall før 70 års alder, som er mål nr 1, er målet å redusere dei fire viktigaste felles risikofaktorane: 

  • Tobakksbruk 
  • Usunt kosthald 
  • Fysisk inaktivitet 
  • Høgt alkoholforbruk 

Det er òg andre mål, desse gjeld blodtrykk, fedme og tilgang til behandling for alle som treng det. 

Regjeringa har utarbeidd ein eigen nasjonal NCD-strategi for perioden 2013-2017. Det er planar om å lage ei oppfølging av denne. 

Status for Noreg er at utviklinga ser ut til å vere positiv for seks av dei ni måla. For to mål har vi ikkje klart å snu utviklinga. Det gjeld 10 prosent nedgang i fysisk inaktivitet og målet om å stanse auken i fedme og diabetes, sjå figur 1.  For eit anna mål, redusert salt i kosthaldet, har vi førebels ikkje data som viser utviklinga over tid. 

Vi må følgje utviklinga tett. På fleire område treng vi betre talgrunnlag over tid. Det gjeld til dømes tal for fysisk inaktivitet blant vaksne og eldre og saltinntaket i befolkninga over tid. Det er òg eit spørsmål om vi vil få ei negativ utvikling på enkelte mål på grunn av den aukande andelen vaksne med fedme. 

Dei ni NCD-måla er berre eitt av fleire bilete på helsetilstanden i befolkninga.  For Noreg vil det vere viktig å følgje med på om den positive utviklinga skjer i alle sosiale lag, eller om vi går i ei retning mot større sosiale helseforskjellar.        

Oppsummerande figur

Figur 1 nedanfor viser dei 9 måla og status for Noreg. Klikk på figuren for å forstørre.

Figur 1
Figur 1. Status for korleis Noreg ligg an til å nå dei 9 NCD måla.   Ikkje-smittsame sjukdommar betyr her hjarte- og karssjukdommar, kreft, kroniske lungesjukdommar og diabetes (NCD = non-communicable diseases). Det er ei positiv utvikling for dei fleste måla. Vi har ikkje klart å redusere andelen inaktive barn og unge og å stoppe utviklinga i andelen med diabetes og fedme .

 

Kommentarar til figuren med lenker til dei aktuella kapitla:

Mål 1 . For tidleg død  for perioden 2010-2017 

Mål 2 . Alkohol, kommentar:

Mål 3. Fysisk inaktivitet, kommentar:

Mål 4. Saltinntak

  • Har tal frå 2015/2016, men vi manglar tal for utvikling over tid.

Mål 5. Tobakksbruk for perioden 2010-2017:

Mål 6 . Høgt blodtrykk for perioden 2008-2016

  • 24 % nedgang i andelen vaksne menn med for høgt blodtrykk.
  • 25 % nedgang i andelen vaksne kvinner med for høgt blodtrykk.

Mål 7. Diabetes og fedme

Diabetes for perioden 2008-2016

  • 54 % auke i andelen menn som har diabetes 
  • 63 % auke i andelen kvinner som har diabetes 

Fedme:

Mål 8. Medikamentell behandling for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag
I Noreg er andelen langt høgare enn 50 prosent.

Mål 9. Tilgang til medisinsk behandling for ikkje-smittsame sjukdommar (NCD-medisinar).

I Noreg er andelen som har tilgang til NCD-medisinar nær 100 %.

Nasjonal gruppe

I Noreg er det etablert ei nasjonal gruppe som har samla og presentert data om dei ni måla, gruppa utgjer redaksjonen for denne publikasjonen. Dataene er no publisert på nettsidene til Folkehelseinstituttet i form av såkalla indikatorar. Kvar indikator er omtalt i eit eige kapittel i denne nettpublikasjonen. 

Det er i alt 25 indikatorar, nokre er direkte knytte til dei ni NCD-måla, og andre er tilleggsindikatorar som meir indirekte bygger opp under NCD-måla.