Hopp til innhold

EMCDDA - European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction

Publisert Oppdatert


EU sitt narkotikaovervakingssenter heiter EMCDDA. Forkortinga står for European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction. EMCDDA si viktigaste oppgåve er overvaking og analyse av narkotikasituasjonen i Europa. Folkehelseinstituttet er norsk kontaktpunkt for EMCDDA.


  • Kvart år bidrar Folkehelseinstituttet med data og informasjon om narkotikasituasjonen i Noreg til EMCCDA.
  • Kvart år gjer EMCDDA ut rapporten «The European Drug Report», ei oversikt over narkotikasituasjonen i Europa. Rapporten finst som interaktive nettsider, men også som pdf-fil på fleire språk, blant anna norsk og engelsk. 
  • Frå og med 2017 gjer EMCDDA ut rapporten «Country Drug Report», ei oversikt over narkotikasituasjonen i kvart medlemsland. Rapportane finst som pdf-fil på engelsk.

Folkehelseinstituttet er ansvarleg for oppgåvene Noreg er forplikta til å utføre. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:

  • Ei årleg rapportering om narkotikasituasjonen i Noreg, medrekna statistikk, tiltak og politikk
  • Implementering av fem nøkkelindikatorar for harmonisering av data om utbreiing i EU-statane, Noreg og Tyrkia
  • Identifisering og tidleg varsling om førekomst av nye narkotiske stoffar i eit Early-warning system

Om EMCDDA

Senteret ligg i Lisboa og blei oppretta i 1993. Oppgåva er å levere objektiv, påliteleg og samanliknbar informasjon om narkotika og narkotikabruk og bruken sine konsekvensar til EU og medlemsstatane. Ved å tilby kunnskapsbasert informasjon bidrar EMCDDA til at avgjerdstakarar, forskarar og spesialistar på området får betre grunnlag til å utforme strategiar og formålstenlege tiltak mot narkotika og narkotikarelaterte problem.

Senteret er organisert med eit styre samansett av representantar for medlemsstatane og EU-kommisjonen. Styret har som hovudoppgåve å utarbeide arbeidsprogram og vedta budsjett. I tillegg har senteret ein eigen vitskapskomité som uttaler seg om vitskaplege spørsmål.

Det er oppretta eit informasjonsnettverk som knyter saman dei 30 nasjonale kontaktpunkta i medlemsstatane (REITOX National Focal Points), og mogeleggjer elektronisk utveksling av data.

Noreg har vore medlem av EMCDDA sidan 2001.