Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Inneklima og helseplager

Faktorar i innemiljøet kan bidra til sjukdommar og plager. Nokre menneske er meir følsame for miljøeksponeringar enn andre, fordi dei til dømes av arvelege årsaker er meir mottakelege, eller fordi dei er mindre motstandsdyktige enn gjennomsnittet i befolkninga.

Colourbox.com
Colourbox.com

Hopp til innhold

Plagene og sjukdommane som i størst grad blir påverka av faktorar i innemiljøet er:

  • Hud- og slimhinneirritasjon   
  • Hodepine og luktplager 
  • Luftveissjukdommar og allergiske reaksjonar i luftvegane; allergi, astma, kronisk obstruktiv      lungesjukdom (kols)
  • Forverring av luftvegsinfeksjonar

Særleg for barn er inneklima i boligen viktig. Studiar frå USA tyder på at rettleiing av småbarnsfamiliar om betydinga av eit godt inneklima kan vere eit viktig helseførebyggande tiltak.

Sjå også: Anbefalte faglige normer for inneklima - Rapport fra Folkehelseinstituttet, 2015:1, kapittel 2: Sykdommer som kan påvirkes av inneklima

Irritasjon i hud og slimhinner, hodepine og trøyttleik

Dei fleste opplevingar av dårleg inneklima synest å vere knytta til plager og ubehag, som til dømes ein følelse av tørr luft og irriterte slimhinner i auge og luftvegar, samt luktplager. Nokre opplever også hudplager, hodepine og trøyttleik. Einskilde rapporterer betydelege slike plager.

Sjå også: Luktplager i innemiljøer

Som oftast er det vanskeleg å finne kva som er årsaka til plagene som rapporterast. Når plagene forsvinn ved fråvær eller opphald i andre lokale, kan det vere at det er ein samanheng med innemiljøet.

Partikkelforureining (svevestøv), flyktige organiske forbindelsar, fuktskadar og innandørs oppvekst av muggsopp, kan bidra til slimhinneirritasjon. I tillegg kan mangelfull ventilasjon, trekk og ugunstige temperatur- og lysforhold bidra til ubehagsfølelse.

Helseplager utan klar årsak

Ofte er det likevel fleire andre moglege årsaksforhold enn inneklima som kan gi symptoma som opplevast. Dette kan også vere tilfelle når personen sjølv opplever ein samanheng mellom inneklimaforhold og plager.  

Uansett årsaka til symptoma ein opplever, er det viktig at opplevingane blir tatt på alvor, og at dei som plagast får bistand. I dei fleste tilfella med til dømes lett hodepine eller hudkløe, finn ein likevel ikkje ei klar årsak slik at ein kan gi ei årsaksretta behandling.

Nokre har plager der kjente årsaker ikkje kan påvisast, men der inneklimaforhold opplevast som ei mogleg årsak. Inneklimarapporten drøftar ulike måtar å forstå og tilnærme seg slike plager der samanhengar med inneklimaet ikkje kan sannsynleggjerast.

Sjå også: Anbefalte faglige normer for inneklima - Rapport fra Folkehelseinstituttet, 2015:1, kapittel 2.7: Helseplager tilskrevet innemiljøfaktorer

Luftvegsplager og -sjukdommar

Faktorar i inneklimaet kan forverre symptoma hos dei som allereie har astma eller kols. Passiv røyking og einskilde andre faktorar kan også auke risikoen for sjukdommen.

Astma hyppig hos barn

Astma er den hyppigaste kroniske sjukdommen hos barn, og er ei av dei viktigaste årsakene til innlegging i norske barneavdelingar. I Noreg er førekomsten omtrent den same som i andre nordiske land. Ved ei norsk undersøking utført i 2004 var det rundt 20 prosent av barna som hadde hatt eller framleis hadde astma da dei var ti år gamle, mens omlag 11 prosent hadde aktiv astma ved tiårsalderen (Lødrup Carlsen, 2006).

Uansett om det ligg føre fortsette endringar i førekomst eller ikkje, representerer sjukdommen eit stort helseproblem og er ein viktig folkesjukdom blant barn og unge.

Data tyder på at astma i barnealderen aukar risikoen for å utvikle kols i vaksen alder med ti gonger hos gutar, og med tre gonger hos jenter. Dette understrekar den betydelege nytten av å førebygge og forhindre slike sjukdommar.

Allergi og astma oppstår gjennom eit samspel mellom arv og miljøpåverknad.

Sjølv om miljøfaktorar sannsynlegvis speler ei viktig rolle, veit ein framleis lite om i kor stor grad enkeltfaktorar bidrar ved utvikling av ny sjukdom. Det kan dreie seg om samvirke mellom fleire forhold.

Det har vore foreslått at auka førekomst av astma og luftvegsallergi blant barn og unge har samanheng med forureiningar i innelufta. Nokre studiar støttar dette ved at dei finn ein samanheng mellom trafikkforureining og førekomst av allergi. Fleire eksperimentelle studiar, både i menneske og dyr, viser at dieseleksospartiklar ser ut til å kunne bidra til utvikling av ny allergi.

Risiko knytta til fuktskader og muggsopp

Dei siste åra har det komme meir kunnskap som tyder på at fuktskader og muggsopp i inneklimaet kan vere knytta til utvikling av astma og allergi, og ikkje berre til forverring av symptom hos dei som allereie har desse sjukdommane.

Forskinga har vist at bygningstiltak, som mellom anna er retta mot ventilasjon og fuktproblem, gir klar betring av både allergisk og ikkje-allergisk luftvegsjukdom hos bebuarane.

Risiko knytta til passiv røyking

Studiar tyder på at eksponering for passiv røyking i fosterlivet kan auke risikoen for at barnet utviklar astma i barneåra. Ein av studiane undersøkte
gravide som hadde vore utsette for passiv røyking og tjærestoff samtidig. Hos desse fann forskarane tydeleg samanheng med astma hos barnet ved femårsalderen. Denne samanhengen blei ikkje funne hos gravide som berre blei utsette for tjærestoff. Tjærestoffa finst på partiklar som blir danna ved forbrenning og kjem i gruppa PAH – polysykliske aromatiske hydrokarbon.

I fleire undersøkingar er det også funne auka hyppigheit av astma blant barn som veks opp i familiar der foreldra røyker.

Sannsynlegvis vil også andre forhold kunne ha betyding for utviklinga av astma og allergisk sjukdom utan at desse er endeleg avklart i dag.

Faktorar i inneklimaet kan forverre symptom

Hos personar som allereie har astma, kan pusteproblem bli utløyst når slimhinnene i luftvegane blir irritert. Hos astmatikarar er det ei rekke kjente miljøfaktorar som kan gi slik irritasjon eller forverre eksisterande irritasjon. Slike faktorar kan til dømes vere relatert til inneklima og arbeidsrelaterte forureiningar, både i industrielt og ikkje-industrielt arbeidsmiljø, og inkluderer eksponering for svevestøv, kjemikaliar, sterke lukter eller allergen.

Andre faktorar kan vere virusinfeksjonar, slit eller sterk kulde. Ved etablert astma er virusinfeksjonar i dei øvre luftvegane (rhinovirusinfeksjonar) den hyppigaste utløysande årsaka til akutt astma gjennom heile barnealderen.

Ulike komponentar i luftforureining ser ut til å kunne forsterke reaksjonen mot allergen. Eit døme er dieseleksospartiklar som ser ut til å kunne bidra til ei forsterking av symptoma hos personar med allergi.

Kols og risikoen ved røyking og andre forureiningar i miljøet

Kols blir ofte utløyst av vedvarande irritasjon av luftvegane. Tobakksrøyking er den vanlegaste årsaka til kols og forklarer to av tre tilfelle. Luftforureining i arbeidsmiljøet eller utandørs kan også føre til kols. Personar som arbeider i eit miljø med mellom anna kvartsstøv og metallhaldige gassar, eller som arbeider i gruver og tunnelar, har auka risiko for sjukdommen. Det er mogleg at fysisk inaktivitet og kosthaldsfaktorar også kan påvirke risikoen, men her manglar vi kunnskap.

Langtidseksponering for trafikkrelatert luftforureining kan bidra til kolsutvikling hos individ med auka følsomhet, som til dømes diabetikarar og astmatikarar. Ein kjenner ikkje dei underliggande årsakene til at kols oppstår, men forhold gjennom heile livet kan ha betydning.

Samanheng astma og kols

Arvelege faktorar speler inn når det gjeld risikoen til kvar einskild for å utvikle kols. Det er ein mogleg samanheng mellom astmautvikling og kols ved at gen som påverkar lungeutvikling i fosterlivet og vekst av lungene i tidlege barneår i samspel med miljøfaktorar som røyking og luftforureining bidrar til astma i barneåra og til slutt utvikling av kols i vaksen alder.

Astma og kols har felles genetiske og miljømessige risikofaktorar. Men kombinasjonar av miljøfaktorar og på kva stadium av livet ein blir eksponert kan vere avgjerande for om ein utviklar astma eller kols (Postma, 2011).

Det føreligg også data som tyder på at astma i barnealder aukar risikoen for å få kols i same størrelsesorden som det å røyke gjer (Svanes, 2010). Desse funna støttast av resultata fra ei undersøking i Australia, der barn med alvorleg astma har betydeleg auka risiko for å utvikle kols seinare i livet (Tai, 2010).

Passiv røyking og risikoen for kols

Når det gjeld eksponering for passiv røyking, viser ei stor mengde undersøkingar frå fleire land at barn som kjem frå heim kor foreldra røyker, er hyppigare utsette for akutte luftvegssjukdommar som bronkitt, bronkiolitt og lungebetennelse enn barn frå heim der det ikkje røykast. Det er lite kjent i kva grad akutte luftvegssjukdommar i barneåra kan resultere i seinskadar som utvikling av kols. Det er fleire undersøkingar som tyder på at hos personar som er utsette for passiv røyking, både som barn og vaksen, er det betydeleg auka risiko for kols.

Dersom vi ser bort frå eksponering for passiv røyking, er det usikkert kor stor betydning forureining i inneklimaet har for seinare utvikling av kols.

Den rapporterte samvariasjonen mellom barneastma og seinere utvikling av kols antydar at reduksjon eller fjerning av risikofaktorar i innemiljøet (til dømes passiv røyking og fukt/muggsopp), som kan utløyse eller forverre astmasjukdom hos barn, kan ha betydning for å redusere risikoen for å utvikle kols.

Sjå også: Anbefalte faglige normer for inneklima. Rapport fra Folkehelseinstituttet 2015:1 - kapittel 2.3 Luftveissykdommer og allergiske reaksjoner 

Inneklimaet og risiko for kreft og hjarteinfarkt

Inneklimaforhold bidrar ikkje i noko stor grad til kreft og hjarte-karsjukdom. I «Anbefalte faglige normer for inneklima. Rapport 2015:1» frå Folkehelseinstituttet blir det imidlertid gjort rede for einskilde inneklimaforhold som kan bidra noko til risikoen for desse sjukdomsgruppene.

Svevestøv i inneluft og risikoen for hjarte-karsjukdommar

Hjarte-karsykdom skyldast arvelege faktorar i samspel med andre risikofaktorar. Blant andre faktorar er det vist i befolkningsundersøkingar at partikkelforureining i uteluft (svevestøv) samvarierar med auka sjukelegheit og dødelegheit blant følsame individ.

Barn under skolealder, eldre og sjuke menneske, særleg hjarte- og/eller lungesjuke er ekstra følsame når det gjeld partikkelforureining. Ein mogleg mekanisme for å forklare denne samvariasjonen mellom sjukdom og forureining er at partikkelforureininga fører til endringar i funksjonane til åreveggane (dysfunksjon av endotelet).

Undersøkingar av eksponering for svevestøv innandørs er få, og gir til dels sprikande resultat. I tillegg til at utelufta gir eit vesentleg bidrag til partikkelforureining innandørs, vil det også vere kjelder innandørs som kan bidra.

Det er i fleire studiar funn at trafikkstøy har samanheng med auka risiko for hjarteinfarkt og auka blodtrykk. I kva grad støy og luftforureining verkar saman, eller om samanhengane er dominert av den eine eller den andre miljøfaktoren er ikkje avklart.

Sjå også: Innendørs svevestøv - praktiske råd

Passiv røyking og hjartesjukdom

Ei viktig forureiningskjelde med innverknad på hjarte-karsjukdom er eksponering for passiv røyking. Terskelen for utløysing av angina pectoris (hjartekrampe) hos hjartesjuke blir redusert ved passiv røyking. Det er også vist at eksponering for tobakksrøyk i omgivnadene reduserer yteevna ved fysisk aktivitet signifikant hos personar med kransarteriesjukdom (tette blodårer i hjartet).

Det er sette i verk fleire undersøkingar av innverknaden av passiv røyking ved hjarteinfarkt. Basert på desse undersøkingane konkluderast det med at passiv røyking aukar risikoen for hjarteinfarkt.

Sjå også: Anbefalte faglige normer for inneklima. Rapport fra Folkehelseinstituttet 2015:1 – kapittel 2.4 Hjerte-karsykdom

Passiv røyking, radon og kreftrisiko

Innandørs forureiningar som ein skal vere oppmerksam på når det gjeld kreftrisiko, er passiv røyking og radon.

Langvarig eksponering for både tobakksrøyk (eiga røyking og passiv røyking) og høge radonnivå er forhold som kan føre til auka risiko for utvikling av lungekreft. Dei aller fleste tilfelle av lungekreft (90 prosent) har eiga røyking som årsak eller delårsak.

Radon i boligar aukar sannsynlegheit for lungekreft. Med bakgrunn i radoneksponeringa i norske boligar og norske røykevanar, er det berekna at omlag 300 lungekreftdødsfall per år skyldast radon.

Radon i inneluft er den nest viktigaste årsaka til utvikling av lungekreft etter aktiv røyking.

Vidare er sannsynlegheita for å få lungekreft som følgje av radoneksponering mykje høgare for røykarar og tidligare røykarar, enn for dei som aldri har røykt. Majoriteten av dei omlag 300 lungekrefttilfella skyldast derfor ein samvirkeeffekt mellom røyking og radon.

Asbestfibrar bør ikkje finnast innandørs

Helseeffektar av asbesteksponering er først og fremst dokumentert i samband med langtids yrkeseksponering.

Ein del uttrykker bekymring for at dei kan ha vore kortvarig eksponert for asbest, gjerne i samband med renoverings- eller rivingsarbeid på eigen eller nærliggande eigendom. Ved eksponering for lave nivå av asbest over kort tid, er den sannsynlege kreftrisikoen svært liten. Generell varsemd tilseier imidlertid at frie asbestfibrar ikkje bør finnast innandørs.

Sjå også: Anbefalte faglige normer for inneklima. Rapport fra Folkehelseinstituttet 2015:1 -  kapittel 2.5 Kreft