Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Boblebad bør reingjerast nøye

Det er høg risiko for spreiing av legionella i private boblebad. Ver derfor nøye med reingjering og desinfisering. Dette er ein del av "inneklima-arbeidet" i bustaden din.

Boblebad
Foto: Colourbox.com

Å slappe av i boblande varmt vatn gjer godt for stive musklar, men du bør vere nøye med reingjeringa. Boblebad er ei av fleire moglege kjelder for smitte med legionellabakteriar.

Bakteriane kan gje Pontiacfeber, som kan samanliknast med mild influensa. Personar med nedsett immunforsvar har auka risiko for legionærsjukdom, som er ein alvorleg lungebetennelse med høg dødelegheit.

Førebygging av legionella-smitte er ein del av tilrettelegginga for godt inneklima i bustaden, temaet er derfor handsama i eit eige kapittel i den nyleg utgjevne inneklima-rapporten frå Folkehelseinstituttet.

Se også: Anbefalte faglige normer for inneklima - kapittel 6 Legionellainfeksjoner i tilknytning til vanlige innemiljøer

Overført via luft

Legionellabakterien vert overført ved luftsmitte. Det vil seie at ein trekkjer bakterien ned i lungene ved å puste inn aerosolar som inneheld baktyerien. Aerosolar er små partiklar eller dråpar som held seg svevande i luft.  Legionellabakterien veks berre på fuktige stader og trivst i temperaturar mellom 20 og 50 grader. Stilleflytande vatn gir gode vilkår for vekst. Slimete belegg i rør, kar og på andre våte flater er teikn på bakterievekst.

I tillegg til boblebad er dusjar dei mest sannsynlege smittekjeldene i heimen. Luftfuktarar, høgtrykkspylarar, sprayflasker for dusjing av blomstrar og klede til stryking kan også vere smittekjelder. På offentlege stader er kjøletårn, boblebad og dusjar i badeanlegg og andre bygg dei mest kjente smittekjeldene.

Sjeldan

Det er aldri påvist legionellasmitte frå person til person. Ein går ut frå at det trengst ein høg smittedose for at friske personar med godt immunforsvar skal få legionærsjukdom. Eldre, røykarar og menneske med nedsett immunforsvar er meir utsette. Pontiacfeber derimot, rammar like gjerne unge som gamle og sjuke.

Årleg vert det registrert 20- 30 sporadiske tilfelle av legionærsjukdom i Norge, og vi har hatt to større utbrot. Talet på smittetilfelle innanlands har auka dei siste åra som følgje av at sjukdomen har fått meir merksemd, men han er truleg fortsatt kraftig underdiagnostisert. Symptom på legionærsjukdom er hovudverk, muskelsmerter og slappheit. I løpet av få dagar utviklar ein høg feber, tørrhoste og andre symptom på lungebetennelse. Enkelte kan også få magesmerter og diaré. Laboratorieprøver kan vise nedsett nyrefunksjon. Legionærsjukdom vert behandla med antibiotika.

For Pontiacfeber treng ein vanlegvis ikkje behandling.

Råd

På Folkehelseinstituttet sine temasider om legionella kan du finne råd om tiltak som  kan hindre vekst og spreiing av legionellabakterier.

Se også: Legionellasmitte hjemme kan forebygges med enkle tiltak - råd om kva du sjølv kan gjere heime

Vedlikehald

Private boblebad er rekna for å vere høgrisikoanlegg med omsyn til spreiing av legionella. Det er derfor viktig å vere grundig med vedlikehald og reingjering. Bad utan filteranlegg bør tømmast etter kvar bruk slik at røra blir tørre, og desinfiserast med hushaldningsklorin minst ein gang per månad.

Boblebad med filteranlegg bør drivast og vedlikehaldast på same måte som offentleg tilgjengelege badeanlegg. Dette inneber mellom anna god styring med gjennomstrauming av vatn, filtervedlikehald og behandling med biocidar. Meir detaljerte råd for vedlikehald av boblebad  finst i kapittel 14.4 Boblebad, i rapporten Forebygging av legionellasmitte - en veiledning.

Gløym ikkje dusjen

Dusjen er sannsynlegvis den innretninga som på landsbasis har forårsaka flest tilfelle av legionærsjukdom, truleg fordi det ikkje har vore gjennomført førebyggande tiltak, slik at legionellabakterien har fått tid til å formeire seg i leidningar, dusjslangar og dusjhovud.

Råd for å unngå smitte:

  • Hald temperaturen i varmtvasstanken så høg at temperaturen ut frå alle tappepunkt når minst 60 °C. Dessutan bør dusjslangar og dusjhovud gjennomspylast regelmessig med vatn som held minst 70 °C i fem minutt.
  • Slik varmebehandling bør i tillegg utførast etter at dusjen har stått ubrukt, for eksempel etter fleire veker ferie.
  • Varmtvasstanken bør ikkje stå avslått over lenger tid.
  • Dusjar i båtar, campingvogner og på hytter bør spylast gjennom med klorhaldig vatn, skyljast og tømmast slik at det får tørke opp når dei ikkje skal brukast på ei stund, for eksempel etter ferie.