Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Melding

Toårig opplæringsstipend i intervensjonsepidemiologi eller folkehelsemikrobiologi

Publisert


Det europeiske smittevernsenteret (ECDC) har opna rekrutteringsprosessen for stipendiatar til ECDC Fellowship Programme. Målet med opplæringa er å styrke overvaking og kontroll av infeksjonssjukdommar i Europa gjennom å etablere eit europeisk nettverk av folkehelsemikrobiologer og feltepidemiologer for samarbeid i utbrotsetterforsking og smittevernberedskap både nasjonalt og internasjonalt.

Fellowship-programmet har to linjer: Intervensjonsepidemiologi (European Programme for Intervention Epidemiology Training, eller EPIET) og Folkehelsemikrobiologi (European Public Health Microbiology Training, eller EUPHEM). Både EPIET og EUPHEM har oppstart september 2020.

EPIET-programmet har som formål å kvalifisere kandidatane for teneste i stillingar i infeksjonsepidemiologi og smittevern i Europa. Målgruppa for denne opplæringa er europeisk helsepersonell med erfaring innan folkehelse eller epidemiologi, som er interessert å jobba med feltepidemiologi. Aktuelle kandidatar vil følgja opplæringa ved ulike folkehelseinstitutt i Europa.

EUPHEM-programmeter eit samarbeid mellom ECDC, det europeiske programmet for intervensjonsepidemiologi (EPIET) og europeiske folkehelselaboratorium. Målgruppa for denne opplæringa er mikrobiologer eller biologer med mikrobiologisk erfaring og med folkehelseinteresse. Aktuelle kandidatar vil følgje opplæringa ved ulike folkehelselaboratorium i Europa.

Opplæringa i begge linjer vektlegg utbrotsetterforsking, sjukdomsovervaking, anvendt forsking og kommunikasjon med avgjerdstakarar, massemedia, publikum og vitskaplege miljø. Stipendiatane vil delta i eit trevekers innføringskurs før dei blir sende til eit av dei europeiske smitteverninstitutta (utanfor eige heimland) for den toårige opplæringa. I løpet av opplæringsperioden er det fleire vekelange kursmodular organiserte i ulike europeiske vertsland.

I begge programma kan opplæring givast i eit folkehelseinstitutt i eit anna europeisk land (EU-track), eller i heimlandet til kandidaten (Member State (MS)-track). Opptak til EU-track skjer etter søknad til ECDC, medan søknad om opptak til MS-track i Noreg går frå FHI. For å søke MS-track må du ha eigne lønnsmidlar, og arbeid som fast tilsett på FHI eller annan relevant organisasjon med erfaring frå smittevernarbeid på nasjonalt nivå.

Søknadsfristen til EU-track er 8. september 2019.

Personar som vurderer å søke, kan ha nytte av å snakke med EPIET-programmet sin norske kontaktperson, Emily MacDonald ved avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr på tlf. 21 07 63 98 eller EUPHEM-programmets norske kontaktperson, Didrik Vestrheim ved avdeling for vaksineforebyggbare sjukdommar på tlf. 21 07 64 65.