Hopp til innhold

Melding

Informasjonsmateriell om influensavaksinen for sesongen 2019–2020

Publisert


Influensavaksinasjon er det viktigaste enkelttiltaket for å førebygge alvorleg influensasjukdom.

Folkehelseinstituttet har utarbeidd informasjonsmateriell retta mot publikum/risikogrupper og helsepersonell, og som helsetenesta kan nytte seg av lokalt. 

  • Informasjonsark (pdf) på bokmål og nynorsk
  • Plakatar (pdf) på bokmål og nynorsk
  • Videoar
  • Malar for invitasjonsbrev på bokmål, nynorsk og nord-samisk (Word)
  • Jakkemerke/button og refleks til helsepersonell (bestillingsvare)

Samla oversikt over informasjonsmateriell om influensa og influensavaksine. 

På temasida Influensa finst òg detaljert informasjon om kven som blir tilrådd influensavaksine, faktagrunnlag med meir.

Folkehelseinstituttet planlegg å starte hovudutsending av vaksinar i veke 41. Utsendinga vil ta 3–4 veker.