The Campbell Collaboration
Artikkel
|Oppdatert
Campbell Collaboration er eit internasjonalt forskingsnettverk som produserer systematiske oversikter om forsking på effekten av tiltak innan samfunnsvitskapen.
Cambell Collaboration sin administrasjon er spredd over fleire land, blant anna Noreg.
Campbells formål og arbeid
Campbell Collaboration blei stifta i år 2000. Organisasjonen baserer seg på samarbeid mellom forskarar og har som mål å fremje positiv sosial endring ved å bidra til å gi beslutningstakarar og praktikarar eit betre avgjerslegrunnlag og betre kvalitet på offentlege og private tenester.
Ekspertar frå Campbell sine faggrupper innan samfunnsvitskap og metode hjelper forskarar som ønskjer å forfatte ei systematisk oversikt. Den respekterte redaksjonelle prosessen og fagfellevurderinga til Campell gir forfattarane kvalifisert hjelp til mellom anna forskingsdesign, statistiske analysar og litteratursøk.
Campbell Systematic Reviews Open Access-tidsskrift
Dei systematiske oversiktene til Campbell Collaboration er samla på eit eige nettsted.
Meir informasjon ligg på organisasjonen sine eigne nettsider: www.campbellcollaboration.org.
Campbell ynskjer velkommen nye tittelregistreringer frå forfatterteam som er interesserte i å publisere ei systematisk oversikt om eit samfunnsvitskapeleg emne. Korleis du sender inn eit forslag, finn du på nettstaden til tidsskriftet, Campbell Systematic Reviews.