Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Malawi: Kunnskap skal bremse auken i trafikkskadar

Publisert

bilvrak i vegkanten
Illustrasjonsfoto. Colourbox

Mens talet på trafikkskadde og trafikkdrepne går ned i rike land, aukar talet mykje i fattige land. Malawi er blant dei verst stilte og skal få norsk hjelp til å betre kunnskapen om trafikkskadar og tilhøva rundt ulykkene og i kva grad alkohol spelar ein rolle. Resultata skal takast i bruk for å førebyggje ulykker betre i framtida.


Om trafikkskadar i verda

  •  Nær 1,3 millionar døyr i trafikken kvart år 
  • 20–50 millionar vert skadde i trafikkulykker kvart år 
  • 90 prosent av ulykkene skjer i lav- og middelinntektsland sjølv om dei har berre halvparten av bilparken  
  • Vegtrafikkulykker er blant dei tre leiande årsakene til dødsfall mellom 5 og 44 år
  • Dersom ikkje effektive sikringstiltak skjer raskt, vil vegtrafikkskadar kunne bli den femte største årsaka til død i verda og dødsfalla auke til 2,4 millionar i året 

Kjelde: Verdas helseorganisasjon

Kven er med i prosjektet

Frå Noreg:

Asbjørg S. Christophersen – prosjektleiar, Folkehelseinstituttet
Hallvard Gjerde – seniorforskar, Oslo universitetssjukehus
Stig Tore Bogstrand – seniorforskar, Oslo universitetssjukehus
Elin H. Wyller – prosjektkoordinator, Folkehelseinstituttet
Bjørn Iversen – avdelingsdirektør, rådgjevarrolle, Folkehelseinstituttet 
Kyrkjas Naudhjelp, lokalkontoret i Lilongwe, vil stå for utbetalingar i Malawi.

Frå Malawi:

Dr. Carlos Varela, lokal prosjektleiar – hovudansvarleg i Malawi, KCH
Dr. Sven Young, senior medetterforskar – rådgjevarrolle, KCH
Dr. Jonathan Ngoma, senior medetterforskar – rådgjevarrolle, KCH
Dr. Leonard Banza, medetterforskar, KCH
Projektkoordinator, KCH (ikkje utnemnd ennå)

Finansiering:

Verdsbanken og den internasjonale organisasjonen ICADTS (International Council on Alcohol Drugs and Traffic Safety)  har løyve pengar til prosjektet.  

Har du funnet en feil?

– Malawi er blant landa med flest trafikkdrepne i heile verda, seier seniorforskar og prosjektleiar Asbjørg S. Christophersen ved Folkehelseinstituttet. – Promillekøyring er eit av problema, men kor stort omfanget er, veit ein ikkje.

Den røynde forskaren poengterer at meir kunnskap om vegtrafikkskadar vil gi merksemd og insentiv til styremaktene om å setje i gang førebygging.

I Malawi kraup trafikkskadar opp på tiendeplassen som årsak til for tidleg død i 2010, ifølgje ein studie frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet, jf. figur under.

 

Dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Malawi i 1990 og 2010. Trafikkskadar kraup opp to plassar til tiandeplassen i 2010. Kjelde: Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME), University of Washington


Samlar grunnleggjande kunnskap om trafikkulykker

Prosjektet har valt å samarbeide med akuttmottaket ved Kamuzu sentralsjukehus i hovedstaden Lilongwe. Kamuzu er det største offentlege sjukehuset i Malawi. I 2016 fekk dei inn om lag 8000 trafikkskadde, ei dobling på åtte år.

Det første legane ved akuttmottaket skal lære, er å måle alkoholnivået hos pasientane og registrere denne informasjonen i ein database ved sjukehuset.  Sjukehuset ønsker å bygge opp ein database med grunnleggjande opplysningar om vaksne pasientar som kjem inn med skadar frå vegtrafikkulykker. Dei vil samla inn detaljerte data om sjølve ulykka, kva slag veg ho skjedde på, om det hende på landet eller i byen, når på døgeret ulykka skjedde, om det var på ein vekedag eller helg, kva slag køyretøy som vart brukt, om alder og kjønn på pasienten, om pasienten var sjåfør, syklist, passasjer eller fotgjengar, om kor alvorleg skaden var og alkoholnivået ved innlegging.

Informasjonen om pasienten sitt alkoholnivå vert samla frå spytt eller pust, og legane ved akuttmottaket må lære å bruke måleutstyr for dette. Måleutstyret er inkludert i prosjektpengane. Opplysningane er anonymiserte når dei kjem inn i databasen.

Personellet vil òg få opplæring i å teste, analysere og tolke data. Rapporten frå prosjektet vil sjå særskilt på måleresultata for alkohol knytta til dei øvrige opplysningane som er samla inn. 

Dei tilsette ved Kamuzu vil vere med på å leggje opp rutinane for prosjektprosessen slik at tilsvarande prosjekt kan takast i bruk ved sjukehus i andre delar av landet. Norske ekspertar frå Folkehelseinstituttet og Ullevål universitetssjukehus er rettleiarar (sjå tekstboks i margen), og det er lagt opp til at ein student frå Malawi kan ta mastergraden sin på prosjektet ved universitetet i Lilongwe. 

Føresetnad for kunnskapsbasert politikk

Databasen vil gi styremaktene innan helse, samferdsel og justis særs verdfull informasjon for å forme ein kunnskapsbasert politikk for å oppnå betre vegsikring og lage effektive informasjonskampanjar. Christophersen viser til ei spørjeundersøking som synte at promillegrensa på 0,8 i Malawi er lite kjend blant folk.  

Malawias helsedepartement har anbefalt prosjektet, og opplegget følgjer opp mål i helsestrategien til Malawi og den nyleg vedtatte nasjonale alkoholpolitikken. I tillegg følgjer prosjektet opp berekraftsmåla til FN der punkt tre blant anna seier at talet på globale trafikkskadar og trafikkdød skal halverast innan 2020.

Frå prosjekt til vanleg drift

Prosjektet gjeld vaksne pasientar frå og med 18 år. Når prosjektet skal over i vanleg drift, er det mogleg å inkludere born dersom sjukehuset ønskjer det.

Den faste databasen vil ikkje ta med opplysningar om alkohol. 

Håper at andre land kopierer

– Trafikkskadar handlar om helse, både direkte og indirekte. Ved sida av dei reint fysiske og psykiske helseskadane trafikkulykker fører med seg, er skadane ofte så alvorlege at pasientane blir uføre resten av livet og avhengige av andre familiemedlemmar. Skadane fører med andre ord ikkje berre til tap av helse, men òg økonomisk tap. Dette problemet aukar i alle fattige land, seier Christophersen.
– I neste omgang håper vi at nabolanda lar seg inspirere til å kopiere prosjektet. Verdsbanken er interessert i å støtte kunnskapsdeling, og i Noreg har vi ekspertisen til å rettleie andre land i startfasen. Derfor vil vi invitere interesserte frå andre afrikanske land til å delta på seminar om prosjektresultata i Malawi. 

Finansiering

Verdsbanken finansierer prosjektet. Det er fyrste gong Folkehelseinstituttet får prosjektmiddel frå Verdsbanken. Den internasjonale organisasjonen ICADTS (International Council on Alcohol Drugs and Traffic Safety) bidrar òg. 

Kjelder

Institute for Health Metrics and Evaluation. GBD Profile: Malawi. Seattle WA: IHME; 2012 (pdf) 

McCarthy N. The Worst Countries For Road Traffic Fatalities, Hamburg, Germany: Statista GmbH, 2016  

World Health Organization: Death on the roads  

World Health Organization: Global status report on road safety 2015, Geneva, Switzerland: World Health Organization, 2015