Hopp til innhold

Artikkel

Reseptregisteret:

Om Reseptregisteret

Publisert Oppdatert

Reseptregisteret inneheld opplysningar om alle legemiddel som er utlevert etter resept på apotek frå og med 2004. Også legemiddel til sjukehus/sjukeheim inngår, men ikkje på individnivå. Registeret inneheld òg opplysningar om utlevering av legemiddel til dyr.

Colourbox.com

Alle apotek i landet registrerer reseptar elektronisk, og opplysningane kjem inn i Reseptregisteret i pseudonymisert form. Dette inneber at fødselsnummeret er erstatta med eit unikt pseudonym for kvar person i registeret. Dette gjer det mogleg å knyte legemiddelbruk til enkeltindivid utan å vite kven dei er.

Personopplysningar blir ikkje utlevert frå Reseptregisteret. Registeret er regulert i forskrift av 17. oktober 2003 om innsamling og behandling av helseopplysninger i Reseptbasert legemiddelregister.

Du har derimot rett til innsyn i kva opplysningar som er registrerte om deg i Reseptregisteret. Skjemaet finn du her:

E-resept og mine resepter

Når du har fått e-resept av legen, kan du logge inn på helsenorge.no for å få oversikt over dine resepter og legemidler du bruker.