Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

70 000 hordalendingar invitert til fylkeshelseundersøking

Publisert


Denne veka blir om lag 70 000 hordalendingar inviterte til å delta i ei fylkeshelseundersøking. Dei første invitasjonane blir sende ut med e-post og SMS i dag.


Undersøkinga er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet. Utsendinga av spørjeskjema skjer tysdag og onsdag denne veka.

Grunnlag for lokalt folkehelsearbeid

–Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Vi håper derfor at flest mogleg vil takke ja til å delta. Jo fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får vi, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Etter databehandling av alle svarskjema vil større kommunar, regionar og fylkeskommunen få lokal statistikk om folkehelse. Resultata frå fylkeshelseundersøkinga vil saman med annan kunnskap bli lagt til grunn i det lokale folkehelsearbeidet. 

– Men det er berre fylkeshelseundersøkingar som kan gje kunnskap om trivsel i nærmiljøet, korleis folk opplever eiga helse og om lokale faktorar som påverkar helsa, seier Stoltenberg.

– Vi vil leggje til rette for god folkehelse i Hordaland, og då må vi rett og slett vite korleis folk har det. Derfor gjennomfører Hordaland fylkeskommune denne store undersøkinga saman med Folkehelseinstituttet. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setje i gong tiltak som kan kome innbyggarane til gode og betre folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

  • Hordaland fylkeskommune: Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 

Elektronisk spørjeskjema

Det er første gong alle spørjeskjema er elektroniske. 

– Spørjeskjemaet kan besvarast frå smarttelefon, nettbrett eller pc. Deltakarane kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen i Folkehelseinstituttet. 

  • Du kan lese meir om fylkeshelseundersøkingane her 
  • Agderfylka og Vestfold gjennomførte fylkeshelseundersøking i 2015.