Aborttall for Norge
Artikkel
|Oppdatert
|Aborttala har i fleire år vore historisk låge, men frå 2022 har dei byrja å stige. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.
Svangerskapsavbrot i 2023
Det var utført 12 814 svangerskapsavbrot i Noreg i 2023. Det er 6,7% stigning frå 2022. Raten går opp for alle aldersgrupper; frå 9,9 per 1000 kvinner (15-49 år) i 2022 til 10,4 i 2023. Av alle avbrot var 95,2 prosent sjølvbestemte og 83,7 prosent av dei var utført før 9. veke.
Alders-grupper |
15-19 år |
20-24 år |
25-29 år |
30-34 år |
35-39 år |
40-44 år |
45-49 år |
15-49 år |
2021 |
4,6 |
13,3 |
15,3 |
14,2 |
10,6 |
4,0 |
0,3 |
9,0 |
2022 |
5,5 |
14,5 |
16,5 |
15,5 |
11,4 |
4,6 |
0,4 |
9,9 |
2023 |
5,9 |
15,9 |
17,9 |
15,6 |
11,8 |
4,4 |
0,4 |
10,4 |
Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret). |
Talet på svangerskapsavbrot blant dei under 25 er stigande
Talet på avbrot blant tenåringar (15-19 år) har byrja å stige frå eit historisk lågpunkt på 4,4 per 1000 kvinner i 2020 til 5,9 i 2023.
Svangerskapsavbrot i aldersgruppa 20-29 år
Fram til 2015 var abortrata høgast for kvinner tidleg i 20-åra, men sidan då har aldersgruppa 25-29 år overtatt som den aldersgruppa som har den høgaste abortraten. Aldersgruppa 25-29 år hadde ein rate på 17,9 mot 15,9 blant dei 20-24 år i 2023.
Når vi ser på både data frå Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister ser vi at trenden med fallande aborttal og samtidig fallande fødselstal no har snudd. Medan aborttala har byrja å stige så er det framleis fallande fødselstal (Figur 1 og 2)
Regional variasjon
Det er stor regional variasjon i rata for svangerskapsavbrot i Noreg. Finnmark, Troms og Oslo er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 16,1 i Finnmark, 12,8 i Troms og 12,6 i Oslo. Dersom ein ser på avbrotratane i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 12,7 per 1000 kvinner. Rogaland, Møre og Romsdal og Telemark hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 7,8 per 1 000 kvinner i Rogaland, 8,4 i Møre og Romsdal og 8,6 i Telemark (Tabell 2).
Bruken av medikamentell metode har no stabilisert seg
Sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utført medikamentelt. Det har vore ei gradvis auke sidan metoden vart innført i 1998. I 2023 vart 94,4 prosent av dei sjølvbestemte avbrota utført medikamentelt.
Fleirtalet av svangerskapsavbrot skjer i løpet av dei fyrste 8 vekene og over halvparten avsluttar utanfor sjukehus
Fleirtalet av svangerskapsavbrota vert utført tidleg i svangerskapet. I 2023 var 83,7 prosent av alle sjølvbestemte avbrot utført før 9. veke. Opp til veke 10 kan ein avslutte svangerskapet utanfor sjukehus, ofte kalla heimeabort. Helse Nord kan levere tal på kor mange abortar som vert avslutta som heimeabort. I 2023 vart 56,3% av alle abortar opp til veke 10 avslutta utanfor sjukehus med ein variasjon på 8,7- 77,6 % avhengig av sjukehuset som utfører behandlinga. Av alle avbrot var 95,2 prosent sjølvbestemte. Om abortlova og sjølvbestemt abort
Nemndbehandla svangerskapsavbrot etter 12. veke
Dersom kvinna er meir enn 12 veker gravid må begjæring om svangerskapsavbrot handsamast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnd vert automatisk vidaresendt til klagenemnd. Klagenemnda held til ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.
I 2023 vart det utført 610 nemndbehandla avbrot, som utgjer 4,7 prosent av alle avbrot, og 607 av desse vart innvilga i primærnemnd. Andelen nemndbehandla avbrot i forhold til sjølvbestemte held seg stabilt. Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskadar.
Om abortstatistikken
Abortregisteret inneheld data frå 1979 og fram til i dag. Fram til 2006 hadde SSB ansvar for abortstatistikken, og etter det har Folkehelseinstituttet hatt ansvaret for drifta av registeret og for statistikken.
Førebyggjande tiltak og hormonell prevensjon
Det er eit uttalt mål for myndigheitene å førebyggje uynskte svangerskap. Ei rekke tiltak er satt i verk for å redusere talet på svangerskapsavbrot. Tiltaka gjeld fyrst og fremst å auka kunnskapen om kropp og seksualitet og betre tilgang til dei tenestene som er nødvendige for å ha eit godt og trygt seksualliv. I det ligg det mellom anna undervisning om kropp og seksualitet, lett tilgang til prevensjon, reseptfri naudprevensjon, og føreskrivingsrett av hormonell prevensjon til jordmødrer og helsesøstrer.
Ein har særleg fokusert på dei yngste aldersgruppene der ein har tiltak som subsidiert prevensjon, gratis kondom, gratis opplysningstelefon om seksualitet, styrking av studenthelsetenesta og fleire helsestasjonar for ungdom. Ein har antatt at ein av hovudårsakene til den store nedgangen i avbrot ein har sett blant dei unge skuldast tilbodet om subsidiert prevensjon og at dei unge tar med seg prevensjonsadferden sin inn i vaksenlivet. Fleire studier viser til at det er særleg ved bruk av langtidsvirkande prevensjon som til dømes p-stav og spiral at ein ser ein effekt på aborttala. Når Apotekerforeninga varsler at salet av hormonell prevensjon har gått ned blant dei under 30 år så harmonerer det med at aborttala går opp.
- Snakk om det! Strategi for seksuell helse 2017-2022 (Regjeringen)
- Lett tilgjengelig hormonell prevensjon til kvinner i alderen 20-24 år - FHI
Internasjonalt
I dag har Noreg, Finland (frå 2023) og Danmark sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med 12 veker. Sverige har sjølvbestemt avbrot til 18 veker og Island har sjølvbestemt avbrot til 22 veker. Finland har dei lågaste tala og den høgste andelen medikamentelle avbrot. Dei nordiske landa er på om lag same nivå som andre vesteuropeiske land når det gjeld talet på avbrot per 1000 kvinner. Russland og enkelte andre austeuropeiske land har betydeleg høgare tal avbrot per 1000 fødslar enn landa i Vest- og Sør-Europa.
Ifølgje WHO sin siste rapport om trygge og utrygge svangerskapsavbrot, estimerte ein at det vart utført om lag 43,8 millionar avbrot i 2008, og at 21,6 millionar var utrygge. Nesten alle utrygge avbrot skjer i utviklingsland og i land der svangerskapsavbrot er lite tilgjengeleg anten grunna restriktivt lovverk eller dårleg utbygd helsevesen. Dei regionane som har dei høgaste ratane er Latin-Amerika og Afrika, med 32 og 29 per 1000 kvinner i fertil alder. Om lag eit av fem svangerskap endar i avbrot på verdsbasis.
- Safe and unsafe induced abortion. Global and regional levels in 2008, and trends during 1995–2008. (WHO)
- Induced abortion in the Nordic countries (National Institute for Health and Welfare, Finland)
- Sedgh G, et al. Abortion incidence between 1990 and 2014: global, regional, and subregional levels and trends. Lancet.